로그인

시편 150편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 6절

  1. 1 Halleluja! Lova Gud i hans heilagdom, lova honom i hans sterke kvelv!
  2. 2 Lova honom for hans storverk, lova honom etter hans fulle storleik!
  3. 3 Lova honom med lurljom, lova honom med harpa og cither!
  4. 4 Lova honom med trumma og dans lova honom med strengleik og fløyta!
  5. 5 Lova honom med klingande cymblar, lova honom med ljomande cymblar!
  6. 6 Alt som hev ande, love Herren! Halleluja!

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗