이사야 47장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 이사야 (Isaiah) · 15절
- 1 Stig ned og set deg i moldi, du møy Babel-dotter! Set deg på jordi utan kongsstol, du kaldæar-dotter! For ei skal du lenger kallast den kløkke og kjælne.
- 2 Tak handkverni og mal mjøl, legg sløret burt! lyft slæpet upp, næk leggen, vad yver elvar!
- 3 Lat skammi di syna seg, lat deim sjå di skjemsla! Hemn tek eg og sparer ikkje eit menneskje.
- 4 Vår utløysar, Allhers-Herren han heiter, Israels Heilage.
- 5 Set deg stilt og gøym deg i myrkret, du kaldæar-dotter! For ei skal du lenger kallast dronning yver riki.
- 6 Eg var harm på mitt folk, vanhelga min arvlut og gav deim i dine hender. Men du viste ikkje medynk. Jamvel på gamlingar la du ditt tunge ok.
- 7 Du sagde: «Eg skal alltid vera Æve-dronning,» du la ikkje det på hjarta, tenkte ikkje på endelykti.
- 8 So høyr no det, du kjælne, som trunar so trygt, du som segjer i ditt hjarta: «Eg og ingen annan! Eg skal ikkje sitja enkja, og aldri sjå meg barnlaus!»
- 9 Båe desse ulukkor skal brått koma yver deg på ein einaste dag, barnløysa og enkjestand kjem på deg i fullaste mål, tråss i dine mange trollingar og dine sterke bannlysingar.
- 10 Du var trygg i vondskapen din og sa: «Det er ingen som ser meg!» Visdomen din og vitskapen din hev dåra deg, so du sa i ditt hjarta: «Eg og ingen annan!»
- 11 So skal det då vondt koma yver deg, som du veit ’kje å venda av, ei ulukka skal falla yver deg, som du ikkje kann sona burt, og brått skal det koma yver deg tjon når du ikkje varast.
- 12 Kom no med dine bannlysingar, dine mange trollingar, som du hev stræva med ifrå ungdomen! Kanskje kunde du finna hjelp, kanskje skræma ulukka burt.
- 13 Du hev trøytta deg med dine mange råder, lat deim so møta, lat dei himmelkunnige hjelpa deg, stjernekikaran’, dei som kvar månad forkynner kva som skal hendast deg!
- 14 Men dei hev vorte som halm, elden brenner deim upp, dei kann ikkje berga sitt eige livet or loge-vald. Det er ikkje glod til å verma seg med, ikkje bål til å sitja attved.
- 15 So gjeng det deg med deim du hev stræva for, handelsvenerne dine frå ungdomen din. Dei vildrar kvar sin veg, ingen som hjelper deg.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗