이사야 46장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 이사야 (Isaiah) · 13절
- 1 Bel stuper, Nebo sig. Deira bilæte kjem til dyr og fe. De bar deim i høgtid, no legg de deim på dyr som ber seg trøytte av byrdi.
- 2 Dei sig og stupar alle saman, dei kann ikkje berga byrdi, og sjølv lyt dei fara or landet.
- 3 Høyr på meg, du Jakobs hus, og heile du leivning av Israels hus! De som er borne frå moderliv og lyfte på hender frå moderfang.
- 4 Til dykkar alderdom er eg den same, og til dei gråe hår skal eg bera dykk. Eg hev gjort det, og eg skal lyfta, eg skal bera og berga.
- 5 Kven vil de likna meg med og setja meg jamsides med? Kven set de upp til jamliken min?
- 6 Dei rister gull utor pungen, veg upp sylv på vegti, leiger ein gullsmed til å laga ein gud, som dei bøygjer seg for og bed til.
- 7 Dei tek han på nakken og ber honom burt og set honom på sin plass, so stend han der og flyt seg ikkje av flekken. Ropar ein til han, so svarar han ikkje, or naudi bergar han ikkje.
- 8 Tenk på det, og vert støde, de fråfalne, tak det til hjarta!
- 9 Tenk på det fyrste frå fordoms tid, at eg er Gud og ingen annan, ein Gud som ei hev sin like,
- 10 eg som frå upphavet enden varslar, og frå fordom det som ikkje endå hev hendt, eg som segjer: «Mi rådgjerd skal standa, og alt det eg vil, det gjer eg!»
- 11 Eg som kallar ørnen frå aust, langt burtanfrå mannen som fullfører mi råd. Som eg hev sagt det, so let eg det koma, som eg hev tenkt det, eg set det i verk.
- 12 Høyr på meg, de stridlyndte, som er langt burte frå rettferd!
- 13 Eg fører hit mi rettferd, ho er ikkje langt burte, og mi frelsa skal ikkje drygja. Eg gjev frelsa i Sion og til Israel min herlegdom.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗