이사야 48장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 이사야 (Isaiah) · 22절
- 1 Høyr dette, de av Jakobs hus, de som er nemnde med Israels-namnet og hev runne or Judas kjelda, de som sver ved Herrens namn og ærar Israels Gud - men ikkje med sanning og rett!
- 2 For dei kallar seg etter den heilage byen og lit på Israels Gud som heiter Allhers-Herren.
- 3 Dei fyrste hendingar hev eg forkynt for lenge sidan, or min munn gjekk dei ut, og eg kunngjorde deim; brått hev eg sett deim i verk, og dei kom.
- 4 For eg visste at du er hard, at nakken din er som ei jarnspong og panna di som kopar.
- 5 So forkynte eg deg det for lenge sidan, kunngjorde deg det fyrr det kom, so du ei skulde segja: «Bilætet mitt hev gjort det, mitt skorne eller støypte bilæt’ hev skipa det til.»
- 6 Du hev høyrt det, sjå det no alt i hop! Og de, må de ikkje sanna det? Men no eg forkynner deg nytt, dulde ting som du ikkje veit um.
- 7 No vert det skapt og ikkje fyrr, og du hev ’kje høyrt um det fyrr i dag, so du ikkje skulde segja: «Det visste eg!»
- 8 Du hev korkje høyrt eller visst det eller fyrr fenge øyra upp for det, for eg visste at du er falsk, og «utru» du heiter frå moderliv.
- 9 For mitt namn skuld døyver eg min harm, og for mi æra skuld ber eg yver med deg, so eg ikkje tynar deg reint.
- 10 Eg hev smelta deg - men vann ikkje sylv, eg hev prøvt deg i lidingsomnen.
- 11 For mi skuld, for mi skuld gjer eg det, for skulde eg tola at namnet mitt vert krenkt? Mi æra gjev eg ingen annan.
- 12 Høyr på meg, Jakob, og du Israel som eg hev kalla! Eg er det, eg, den fyrste, og eg er den siste med.
- 13 Mi hand hev og grunnfest jordi, og mi høgre hand spana himmelen ut. So snart eg kallar på deim, stend dei der båe.
- 14 Kom saman alle og høyr: Kven av deim hev kunngjort dette? Han som Herren elskar, skal gjera hans vilje mot Babel og vera hans arm mot kaldæarfolket.
- 15 Eg, eg hev tala, ja hev kalla honom, eg hev late han koma og få lukka på ferdi.
- 16 Kom hit til meg, høyr dette! Frå upphavet tala eg ei i løyndom. Frå den tid det kom, då var eg der. Og no hev Herren, Herren sendt meg og sin ande.
- 17 So segjer Herren, utløysaren din, Israels Heilage: Eg er Herren, din Gud, som lærer deg det som gagnar, som leider deg på vegen du skal fara.
- 18 Å, vilde du lyda på mine bod! Då vart din fred som elvi og di rettferd som havsens bylgjor.
- 19 Då vart di ætt som sanden og di livsfrukt som sandkorn; ættarnamnet vart aldri øydt eller utsletta for mi åsyn.
- 20 Drag ut or Babel, fly frå kaldæarland! Med fagnadrop forkynn og fortel det, spreid det ut til verdsens ende! Seg at Herren hev løyst ut sin tenar Jakob!
- 21 Dei tyrste ikkje; i øydemark førde han deim, vatn or berget let han sildra åt deim, han kløyvde berget, og vatnet renn.
- 22 Dei gudlause hev ingen fred, segjer Herren.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗