욥기 8장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 22절
- 1 Då tok Bildad frå Suah til ords og sagde:
- 2 «Kor lenge vil du tala so og lata ordi storma fram?
- 3 Kann Gud vel rengja det som rett er? Kann Allvalds-Gud vel rengja rettferd?
- 4 Hev dine søner synda mot han, gav han deim deira synd i vald.
- 5 Um du søkja til din Gud, og beda Allvalds-Gud um nåde,
- 6 er du då rein og utan svik, då vil han vakna upp for deg og reisa nytt ditt rettferdshus,
- 7 Um og di fortid vesall var, so mykje større vert di framtid.
- 8 Ja, spør deg for hjå farne ætter, agt på kva federne fann ut.
- 9 - Me inkje veit, er frå i går; vårt liv ein skugge er på jordi -
- 10 dei skal deg læra, gjeva svar med ord ifrå sitt hjartedjup:
- 11 «Veks sevet vel på turre land? Trivst storren der som vatnet vantar?
- 12 Enn stend det grønt, vert ikkje skore, då visnar det fyrr anna gras.»
- 13 So gjeng det deim som gløymer Gud; og voni glepp for gudlaus mann.
- 14 Hans tillit sunderskori vert, hans tiltru vert til kongurvev;
- 15 Det hus han styd seg til, det dett; det som han triv til, stend ’kje fast.
- 16 Han saftfull veks, med soli skin; hans greiner yver hagen heng,
- 17 og roti kring steinrøysar smett, og smyg seg inn imillom steinar.
- 18 Men vert han riven frå sin stad, so hugsar staden han ei meir.
- 19 Sjå det er gleda på hans veg; or moldi skyt ein annan fram.
- 20 Men Gud vanvyrder ei den reine; dei vonde tek han ei i handi.
- 21 Han enn din munn med lått skal fylla og lipporne med gledesong;
- 22 men skammi klæda skal din fiend’; gudløysetjeld finst ikkje meir.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗