욥기 9장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 35절
- 1 Då tok Job til ords og sagde:
- 2 «Eg veit for visst at det er so; kva rett fær mannen imot Gud?
- 3 Um han med honom vilde trætta, han kann ’kje svara eitt til tusund.
- 4 Vis som han er og sterk i velde - kven kann vel strafflaust tråssa honom,
- 5 som fjelli flyt, dei veit ’kje av det, og velter deim upp i harm,
- 6 som ruggar jordi frå sin plass, so pilarne hennar skjelv,
- 7 som soli byd so ho ei skin, og set eit segl for stjernorne,
- 8 som eine spanar himmeln ut og fram på havsens toppar skrid,
- 9 hev skapt Karlsvogni og Orion, Sjustjerna og Sørkamri med?
- 10 Som storverk gjer, me ei kann fata, og underverk forutan tal?
- 11 Han framum gjeng, eg ser han ikkje; um burt han glid, eg går han ikkje.
- 12 Når han tek fat, kven stoggar honom? Kven honom spør: «Kva gjer du der?»
- 13 Gud stoggar ikkje vreiden sin; for han seg bøygde Rahabs-fylgjet.
- 14 Kor kann vel eg då svara han? Kor skal for han eg ordi leggja?
- 15 Um eg hev rett, eg kann ’kje svara, men lyt min domar be um nåde.
- 16 Og um han svara når eg ropa, eg trudde ei mi røyst han høyrde.
- 17 Han som i stormver reiv meg burt og auka grunnlaust såri mine,
- 18 han let meg ikkje anda fritt, men metta meg med beiske ting.
- 19 Når magt det gjeld, då er han der; men gjeld det rett: kven stemnar honom?
- 20 Um eg hev rett, min munn meg dømer; er skuldlaus, han meg domfeller.
- 21 Skuldlaus eg er! eg skyner ei meg sjølv, vanvyrder livet mitt.
- 22 Det er det same, no eg segjer: Han tyner skuldig og uskuldig.
- 23 Når svipa brått gjev ulivssår, med lått han ser den gode lida.
- 24 Han jordi gav i nidings hand; på domarar han syni kverver. Er det ’kje han, kven er det då?
- 25 Mitt liv fer snøggare enn lauparen, dei kverv, men lukka såg det aldri;
- 26 Det glid som båtar utav sev, lik ørn som ned på fengdi slær.
- 27 Når eg mi plåga gløyma vil og jamna panna mi og smila,
- 28 då gruvar eg for pina mi; eg veit du ei frikjenner meg.
- 29 For når eg lyt straffskuldig vera, kvifor skal eg då fåfengt stræva?
- 30 Um eg i snø meg vilde tvætta og reinsa henderne med lut.
- 31 Du ned i grefti straks meg dukka, so mine klæde ved meg stygdest.
- 32 Han ikkje er ein mann som eg, kann ei med meg til retten gå;
- 33 d’er ingen skilsmann millom oss som handi si kann på oss leggja.
- 34 Når berre han tok riset frå meg og ikkje skræmde meg med rædsla,
- 35 eg skulde tala utan otte; sjølv dømer eg meg annarleis.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗