로그인

욥기 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 21절

  1. 1 Då tok Elifaz frå Teman til ords og sagde:
  2. 2 «Vert du vel tykkjen um eg talar? Men kven kann halda ordi inne?
  3. 3 På rette veg du førde mange; dei trøytte hender styrkte du;
  4. 4 med ord du hjelpte deim som snåva, og gav dei veike knei kraft.
  5. 5 Men når det gjeld deg sjølv, du klagar; når deg det råkar, ræddast du!
  6. 6 Di von du på di gudstru bygde og sette lit til last-laust liv.
  7. 7 Tenk etter: Når vart skuldlaus tynt? Når gjekk rettvis mann til grunns?
  8. 8 Stødt fann eg: dei som urett pløgde, og sådde naud, dei hausta slikt;
  9. 9 dei stupte for Guds andedrag, gjekk for hans vreidestorm til grunns.
  10. 10 Ja, løva skrik, og villdyr burar; ungløva fær sin tanngard knekt;
  11. 11 og løva døyr av skort på rov; løvinna misser sine ungar.
  12. 12 Ein løynleg tale til meg kom; i øyra mitt det stilt vart kviskra,
  13. 13 som tankar i eit nattsyn kjem, når svevnen tung på folki kviler.
  14. 14 Det kom ei rædsla yver meg, ei skjelving gjenom alle lemer;
  15. 15 ein gust meg yver panna strauk, og på min kropp seg håri reiste;
  16. 16 og noko stogga for mi åsyn; eg kunde ikkje klårt skilja; framfor mitt auga stod eit bilæt’, eg høyrde som ei røyst som kviskra:
  17. 17 «Hev menneskjet vel rett for Gud? Er mannen rein framfor sin skapar?
  18. 18 Han sine tenarar ei trur og finn hjå sine englar lyte -
  19. 19 enn meir hjå folk i hus av leir; hjå deim som hev sin grunn i moldi, ein kann deim krasa, som eit mol.
  20. 20 Dei er frå morgon og til kveld; ein krasar deim - kven merkar det? - Og dei vert ikkje funne meir.
  21. 21 Når deira tjeldsnor vert rykt upp, dei døyr og ingen visdom fær.»

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗