욥기 41장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 25절
- 1 Ingen torer eggja honom; kven kann då mot meg reisa?
- 2 Kven gav meg, so eg gjev att? Under himmeln alt eg eig.
- 3 Ei eg tegjer um hans lemer, um hans sterke, væne bygnad.
- 4 Kven hev drege brynja av han, Gjenge inn i duble tanngard?
- 5 Kven hev opna kjakeporten? Rædsla kring hans tenner ligg.
- 6 Sterke er hans skjolde-rader, feste med ei fast forsigling.
- 7 Tett dei ligg innåt kvarandre, ingi luft slepp millom deim.
- 8 Eine skjolden i den andre heng i hop, skilst ikkje åt.
- 9 Ljos ifrå hans njosing strålar, augo skin som morgonroden.
- 10 Or hans gap skyt brandar fram, gneistar sprutar derifrå.
- 11 Or hans nasar stig det røyk, liksom eim or kjel som kokar.
- 12 Anden hans set eld på kol, logen ut or gapet stend.
- 13 I hans nakke styrken bur, rædsla spring framfor hans åsyn.
- 14 Tette sit kjøtvalkarne, støypte fast urikkelg.
- 15 Hjarta hans er hardt som stein, fast som understein i kverni.
- 16 Kjempor ræddast når han ris, misser både mod og hugs;
- 17 Sverd vil ikkje bita på, ikkje skot med spjot og pil.
- 18 Jarn agtar han liksom strå, kopar nett som fauskeved.
- 19 Ei han vik for bogesonen; stein frå slyngja vert som halm,
- 20 og stridsklubba vert som strå, og han lær åt spjot som susar.
- 21 Under han er kvasse broddar, spor dei set som treskjeslede.
- 22 Djupet kokar som ei gryta, sjøen som ein salvekjel.
- 23 Vegen lyser etter honom, djupet skin som sylverhår.
- 24 Liken hans på jord ei finst, denne skapning utan ræddhug.
- 25 Han ser ned på alt som høgt er, konge yver alle kaute.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗