욥기 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 26절
- 1 Då let Job upp munnen og banna fødedagen sin.
- 2 Job tok til ords og sagde:
- 3 «Burt med den dag då eg vart fødd, den natt som sa: «Ein svein er avla!»
- 4 Må denne dag til myrker verta - burtgløymd av Gud i høge himmel - og inkje ljos på honom skina!
- 5 Lat svarte myrkret honom eiga og skyer seg kring honom samla! Dagmyrkjingar skal honom skræma
- 6 og myrkret gløypa denne natt! Burt med den natt frå årsens dagar, ho kome ei i månads tal!
- 7 Ja, aud og tom skal natti verta og ingen fagnad i ho klinga;
- 8 Dagbannarar skal henne banna, dei som kann mana upp Livjatan,
- 9 Og morgonstjernor skal ’kje skina; fåfengt ho venta skal på ljoset - augbrunerne av morgonroden -
- 10 av di ho ei livsdøri stengde på mor mi, so eg slapp for kval.
- 11 Kvi døydd’ eg ei i moders liv? Ell’ slokna då eg rett var fødd?
- 12 Kvi fanst det kne som mot meg tok; og brjost eg kunde suga ved?
- 13 So låg eg still og kvilde no, eg sov og hadde ro og fred
- 14 hjå kongar og hjå fyrstar, som til gravstad pyramider bygde,
- 15 hjå hovdingar som åtte gull og fyllte sine hus med sylv;
- 16 ell’ ufødd var eg ikkje til, lik born som aldri ljoset såg.
- 17 Der rasar ei dei vonde meir; der kviler dei som trøytte er;
- 18 og fangarne er trygge der; dei høyrer ingen drivar meir.
- 19 Der stor og liten like er, og trælen fri for herren sin.
- 20 Kvi gjev han ljos til den som lid, og liv til deim som gremmer seg,
- 21 som fåfengt stundar etter dauden, og søkjer han som løynde skatt,
- 22 som gled seg, ja, som jublar høgt, og fegnast når dei finn ei grav -
- 23 til mannen som ei finn sin veg, som Gud set fast og stengjer inne?
- 24 Min sukk hev vorte daglegt brød, og klaga mi som vatnet strøymar.
- 25 Meg råkar det eg ottast fyre; det som eg ræddast, hender meg.
- 26 Snaudt fær eg fred, snaudt fær eg ro, snaudt lindring - so kjem uro att.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗