욥기 35장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 16절
- 1 Og Elihu tok til ords og sagde:
- 2 «Seg, trur du vel at slikt er rett, so du meir rettvis er enn Gud,
- 3 når djervt du spør: «Kva gagn hev eg, kva løn um eg frå syndi flyr?»
- 4 På dette vil eg svara deg og likeins venerne med deg.
- 5 Ditt auga du mot himmelen snu, og sjå på skyerne der uppe!
- 6 Di synd, kann ho vel skade honom? Lid han, um dine brot er mange?
- 7 Er du rettvis, kva gjev du honom? Kva fær han då utav di hand?
- 8 Di synd vedkjem ein mann som deg, di rettferd gjeld eit menneskje.
- 9 Dei klagar yver urett stor og skrik um hjelp mot valdsmenns arm;
- 10 men spør ’kje: «Kvar er Gud, min skapar, som let ved natt lovsongar tona,
- 11 gjev oss meir vit enn dyr på mark og meir forstand enn fugl i luft?»
- 12 Der ropar dei - han svarar ikkje - um hjelp mot ovmod hjå dei vonde.
- 13 Gud høyrer ei på tome ord, slikt agtar Allvald ikkje på.
- 14 Um enn du segjer du ei ser han, han ser han nok saki, bi på honom!
- 15 Og no, når vreiden hans ei refser, tru han ei kjenner dårskapen?
- 16 Men Job let upp sin munn til fåfengd, uvitugt talar han so mykje.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗