욥기 34장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 37절
- 1 Og Elihu tok til ords og sagde:
- 2 «Vismenner, høyr på ordi mine! Kunnige folk, lyd no på meg!
- 3 For ordi prøver ein med øyro, som ein med gomen maten smakar.
- 4 So lat oss no det rette velja og saman finna ut det gode!
- 5 For Job hev sagt: «Eg skuldfri er; min rett hev Gud ifrå meg teke;
- 6 tråss i min rett, stend eg som ljugar, uskuldig fekk eg ulivssår.»
- 7 Finst det vel nokon mann som Job? som gløyper hædings ord som vatn,
- 8 som held med illgjerdsmenner lag, hev umgang med gudlause folk?
- 9 For han hev sagt: «Kva gagnar det ein mann å vera ven med Gud?»
- 10 Difor, de menn med vit, høyr meg! D’er langt frå Gud å vera gudlaus, frå Allvalds-Gud å gjera urett.
- 11 Han løner mannen for hans gjerd, fer med han etter all hans ferd.
- 12 Nei, urettferdig er ’kje Gud, og Allvald krenkjer ikkje retten.
- 13 Kven let vel honom styra jordi? Og kven hev grunna jordheims-kringen?
- 14 Um han på seg åleine tenkte og drog sin ande til seg att,
- 15 då gjekk alt livande til grunns, og menneskja vart atter mold.
- 16 Um du er klok, so høyr på dette, og lyd på ljoden av mitt ord!
- 17 Kann ein som hatar retten, styra? Fordømer du den allrettvise?
- 18 Kann ein til kongen segja: «Niding!» Og til dei megtige: «Du brotsmann?»
- 19 Til han som ei gjer skil på fyrstar, og ikkje vyrder rik mot fatig. Av di hans hand hev skapt deim alle?
- 20 Dei andast brått og midt um natti, eit folk avjagast og kverv burt, stormenn forgjengst i hjelpeløysa.
- 21 Hans augo ser til mannsens ferd, han skodar kvart eit stig han tek;
- 22 det finst ’kje skugge eller myrker der illgjerdsmenn kann løyna seg.
- 23 Han tarv ’kje lenge sjå på mannen fyrr han lyt møta Gud til doms.
- 24 Han utan forhøyr storfolk krasar og andre set i deira stad.
- 25 Han kjennar heile deira verk og gjev um natti deim til tyning.
- 26 Han tuktar deim som illgjerdsmenner, ein stad der alle kann det sjå,
- 27 dei som hev vike burt frå han og ikkje hev hans vegar fylgt -
- 28 so han kann høyra armods klaga og jammerskrik frå undertrykte.
- 29 Fær han det stilt, kven vil fordøma? Løyner han seg - kven kann då sjå han? - for folkemugen og for mannen,
- 30 so ikkje gudlaus mann skal råda og vera snaror yver folket.
- 31 For segjer ein vel so til Gud: «Ovmodigt hev eg bore meg; eg vil ikkje lenger vera vond.
- 32 Vis du meg det eg ikkje ser! hev eg gjort synd, vil eg snu um?»
- 33 Skal han då straffa som du tykkjer? D’er du som er den misnøgde; so lyt du velja, ikkje eg; og du fær segja det du veit.
- 34 Dei kloke folk vil segja til meg, og kvar ein vismann som meg høyrer:
- 35 «Job talar ikkje med forstand hans ord er utan ettertanke.»
- 36 Gjev Job må allstødt verta prøvd for sine svar på nidings vis!
- 37 For han legg brotsverk til si synd og ber seg vyrdlaust millom oss, og talar mange ord mot Gud.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗