욥기 33장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 33절
- 1 Men høyr no, Job, på talen min, lyd vel på alle mine ord!
- 2 Sjå eg hev opna mine lippor, og tunga talar i min munn.
- 3 Frå ærlegt hjarta kjem min tale, rein kunnskap lipporne ber fram.
- 4 Guds ånd er det som meg hev skapt, og Allvalds ande gjev meg liv.
- 5 Um du det kann, so gjev meg svar! Væpna deg mot meg, og stig fram!
- 6 Eg er din likemann for Gud, eg og av leiret forma er.
- 7 Du tarv ’kje vera rædd for meg, min trykk skal ikkje tyngja deg.
- 8 Men du hev sagt for øyro mine - eg høyrde ljoden av ditt ord -:
- 9 «Eg skuldfri er og utan synd, eg flekkfri er og utan skuld;
- 10 men han fører uvensgrunnar mot meg og held meg for sin fiendsmann;
- 11 han legg i stokken mine føter og vaktar alle mine vegar.»
- 12 Men du hev urett, svarar eg; Gud større er enn menneskja.
- 13 Men kvifor vil du klaga på han: Han aldri svarar i sin sak?
- 14 På eit vis talar Gud, ja tvo, um enn dei ikkje agtar på det.
- 15 I draumar og i syn ved natt, når tunge svevnen fell på folk, når dei på lægjet ligg og blundar,
- 16 då let han øyro upp på folk, og innsiglar åtvaring til deim,
- 17 for burt frå synd å driva mannen, og rydja ovmod ut or honom
- 18 og berga sjæli hans frå gravi og livet hans frå spjotodd-daude.
- 19 Han tuktast og med sjukelægje, med stendig uro inn til beini,
- 20 hans liv fær mothug imot brød, og sjæli hans mot lostemat.
- 21 Hans misser holdet, vert usjåleg, og beini morknar, syner ikkje,
- 22 og sjæli ned mot gravi lutar, hans liv mot daude-englarne.
- 23 Er det då yver han ein engel, ein millommann, ein utav tusund, som lærer mannen um hans plikt,
- 24 Han ynkast yver han og segjer: «Frels honom frå i grav å ganga! Eg hev ei løysepening funne.»
- 25 Hans likam skal av helsa bløma, sin ungdom skal han atter få.
- 26 Han bed til Gud og nåde fær, so han hans åsyn ser med jubel. Og so fær mannen att si rettferd.
- 27 Han syng for folk og segjer so: «Eg synda hev og krenkt det rette, men hev ’kje fenge lika for det;
- 28 mi sjæl frå gravi berga han, med gleda fær eg ljoset sjå.»
- 29 Og sjå: alt dette gjerer Gud tvo gonger, ja tri gong’ mot mannen,
- 30 og ber hans sjæl frå gravi burt, so livsens ljos kann lysa for han.
- 31 So gjev no gaum og høyr meg, Job, ver tagall du, so eg kann tala!
- 32 Um du hev ord, so gjev meg svar! Tala, eg gjev deg gjerne rett.
- 33 I anna fall so høyr på meg, teg medan eg deg visdom lærer!»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗