욥기 32장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 22절
- 1 Dei tri mennerne svara ikkje Job meir, av di han heldt seg sjølv for rettferdig.
- 2 Men då loga harmen upp hjå Elihu, son åt Barak’el, buziten, av Rams-ætti. Han vart harm på Job, av di han heldt seg sjølv rettferdigare enn Gud.
- 3 Han harmast og på dei tri venerne, av di dei ikkje kunde finna noko svar, og endå dømde Job skuldig.
- 4 For Elihu hadde venta med å tala til Job, av di dei andre var eldre enn han;
- 5 men då Elihu såg at dei tri mennerne ikkje hadde noko å svara, vart han brennande harm.
- 6 Og Elihu, son åt Barak’el, buziten, tok til ords og sagde: «Ung er eg etter år å rekna; de derimot er gamle menn. Difor eg blygdest og var rædd å segja til dykk det eg veit.
- 7 Eg tenkte: «Åri tala lyt og alderen forkynna visdom.»
- 8 Nei, ånd lyt til hjå menneski; og Allvalds ande gjev deim vit.
- 9 Dei gamle er ’kje alltid vise, kvithærde veit ’kje stødt det rette.
- 10 Difor eg segjer: Høyr på meg; eg vil og segja det eg veit.
- 11 Eg venta hev på dykkar ord og lydde vel på dykkar lærdom, alt med de leita etter ord.
- 12 Og eg gav nøgje agt på dykk, men ingen sagde Job imot, ingen av dykk gav honom svar.
- 13 Seg ikkje: «Visdom der me fann; Gud slå han ned, folk kann det ikkje.»
- 14 Han hev ’kje tala imot meg, og ei med dykkar ord eg svarar.
- 15 Dei er forstøkte, svarar ikkje, dei vantar ord å føra fram.
- 16 Treng eg vel venta når dei tegjer og stend der reint forutan svar?
- 17 Eg vil og svara, eg for meg, eg vil og segja det eg veit.
- 18 For eg er full av ord til svars; i bringa sprengjer åndi på.
- 19 Mitt indre er som innstengd vin, lik nye vinhit vil det sprengjast.
- 20 Eg tala vil so eg fær luft, vil opna lipporne og svara.
- 21 Eg ikkje tek parti for nokon og smeikjer ei for nokor mann;
- 22 å smeikja kann eg ikkje med; min skapar elles burt meg reiv.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗