욥기 28장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 28절
- 1 Sylv hev sin stad, der dei det finn, og gullet, som dei reinsa vinn,
- 2 og jarn fram or jordi fær, og kopar ut or steinen bræ’r;
- 3 På natteskuggen gjer dei slutt og myrkheims steinar granskar ut.
- 4 Djupt under by med annsamt liv i gruvor bergmenn kliv og sviv.
- 5 På jordi brødkorn fram dei driv, men inni upp som eld dei riv.
- 6 Safiren sit i steinar der, og der seg og gullklumpar ter,
- 7 Ei ørnen kjenner denne veg, for haukesyn han løyner seg.
- 8 Ei stolte rovdyr vegen fann, og løva aldri gjeng på han.
- 9 På harde steinen dei handi legg; då sturtar mang ein bergevegg.
- 10 I berget seg gangar grev og skodar mang ein skatt so gjæv.
- 11 Dei dytter til for rennand’ å, det løynde fram for ljoset må.
- 12 Men visdomen, kvar er han å få? Og kvar skal ein vitet nå?
- 13 Slett ingen veit hans verd og vinst; i manneheim han ikkje finst;
- 14 Avgrunnen dyn: «Her ei han er!» Og havet segjer: «Ikkje her!»
- 15 Du kann ’kje kjøpa han for gull, men sylv ei vega prisen full,
- 16 og ei for gull ifrå Ofir, ei for onyks, ei for safir.
- 17 Ei gull og glas er nok til kaup, og ei til byte fingull-staup.
- 18 Korall, krystall gjeld ikkje her. Visdom er meir enn perlor verd.
- 19 Topas frå Kus er altfor ring, ja, reinast gull vert ingen ting.
- 20 Visdomen, kvar kjem han ifrå? Og kvar skal ein til vitet nå?
- 21 Det ingen veit på denne jord; ei fugl det fann, kvar helst han for.
- 22 Avgrunn og daude segjer greidt: «Eit gjetord er alt det me veit.»
- 23 Men Gud han kjenner denne veg; han veit kvar visdom løyner seg.
- 24 Han skodar heilt til heimsens tram, og under himmeln ser han fram.
- 25 Då vinden han med vegti vog og sette mål for vatnet og,
- 26 då han gav regnet lovi si og ljomet veg å ganga i,
- 27 då såg han og synte fram og granska honom umhugsam.
- 28 Til menneskja han sagde so: «I Herrens otte visdom sit, og fly det vonde, det er vit.»»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗