욥기 27장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 23절
- 1 Job heldt fram med talen sin og sagde:
- 2 «So sant Gud liver, som meg sveik, og Allvalds som meg volde sorg
- 3 - for endå eg min ande dreg; i nosi mi er guddomspust -:
- 4 Urett ligg ei på mine lippor; mi tunga talar ikkje svik.
- 5 D’er langt frå meg å gje’ dykk rett, mi uskyld held eg fast til dauden.
- 6 Mi rettferd held eg fast uskjepla, eg ingen dag treng skjemmast ved.
- 7 Min fiend’ skal seg syna gudlaus, min motstandar som urettferdig.
- 8 Kva von hev en gudlaus att, når Gud vil sjæli or han draga?
- 9 Vil Gud vel høyra skriket hans, når trengsla bryt innyver honom?
- 10 Kann han i Allvald vel seg gleda? Kann han kvar tid påkalla Gud?
- 11 Eg um Guds hand vil læra dykk; kva Allvald vil, det dyl eg ikkje.
- 12 Sjå dette hev det alle set; kvi talar de då tome ord?
- 13 Den lut fær gudlause av Gud, den arven valdsmann fær av Allvald.
- 14 Til sverdet veks hans søner upp; hans avkom mettast ei med brød;
- 15 dei siste legst i grav ved pest, og enkjorne held ingi klaga.
- 16 Og um han dyngjer sylv som dust og samlar klæde liksom leir:
- 17 Den rettvise tek klædi på; skuldlause skifter sylvet hans.
- 18 Han byggjer huset sitt som molen, likt hytta vaktmannen set upp.
- 19 Rik legg han seg - men aldri meir; han opnar augo - og er burte.
- 20 Som vatsflaum rædsla honom tek, ved natt riv stormen honom burt.
- 21 Han driv av stad for austanvind, som blæs han frå hans heimstad burt.
- 22 Han utan miskunn på han skyt; frå handi hans han røma må.
- 23 Med hender klappar dei åt han og pip han frå hans heimstad burt.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗