욥기 26장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 14절
- 1 Då svara Job og sagde:
- 2 Kvar helst hev du den veike hjelpt? Når studde du den trøytte arm?
- 3 Kvar gav du uklok mann ei råd? Kor ovleg visdom hev du synt?
- 4 Kven hev du bore melding til? Kva ånd hev tala gjenom deg?
- 5 Skuggarne i angest skjelva, vatsdjup og dei som deri bur.
- 6 Helheimen open ligg for honom, avgrunnen utan noko dekkje.
- 7 Nordheimen han i audni spana, og hengde jordi yver inkje.
- 8 Han vatnet inn i skyer bind; og skyi brest ei under det.
- 9 Kongsstolen sin han gøymer burt og breider skyer yver honom.
- 10 Kring vatni han ei grensa set, der som ljos og myrker byta skal.
- 11 Stolparne under himmelen skjelv, og rædde vert dei for hans trugsmål.
- 12 Han rører havet upp med velde, og med sit vit han krasar ubeist.
- 13 Og himmelen klårnar ved hans ande; hans hand den snøgge ormen drap.
- 14 Sjå her utkanten av hans veg; det berre kviskring er me høyrer. Kven skynar, når hans allmagt torar?
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗