욥기 23장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 17절
- 1 Då svara Job og sagde:
- 2 «Endå gjeld klaga mi for tråss, tungt legg eg handi på min sukk.
- 3 Berre eg kunde finna honom og koma til hans bustad fram!
- 4 Då la eg fram for han mi sak og fyllte munnen min med prov.
- 5 Då høyrde eg kva svar han gav, og merka det han sa til meg.
- 6 Vilde med magt han mot meg standa? Nei, lyda på meg vilde han.
- 7 Ein skuldfri stod då for han fram; for alltid slapp eg domar min.
- 8 Gjeng eg i aust, han er ’kje der; mot vest, eg vert han ikkje var;
- 9 i nord han verkar, ei eg ser han, han snur mot sud, eg ser han ikkje.
- 10 For all den veg eg fer han kjenner; prøvde han meg, eg var som gull.
- 11 Min fot hev fylgt i faret hans; hans veg eg gjeng ubrigdeleg,
- 12 veik ei frå det hans lippa baud, meir enn mi lov eg lydde hans.
- 13 Men ein er han, kven hindrar honom? Det han hev hug til, gjer han og.
- 14 Han um min lagnad avgjerd tek, og hev med meg so mangt i emning.
- 15 Eg difor ræddast for hans åsyn, når eg det minnest, skjelv eg for han.
- 16 Ja, Gud hev brote ned mitt mod, og Allvald hev gjort meg fælen,
- 17 ei er det myrkret som meg tyner, og ei mi eigi myrke åsyn.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗