욥기 24장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 25절
- 1 Kvi hev ’kje Allvald tider set? Kvi ser hans vener ei hans dagar?
- 2 Dei fører deildesteinar burt, stel fe og sender det på beite,
- 3 tek asnet frå den faderlause; tek kui enkja eig i pant.
- 4 Driv fatigfolk frå vegen burt; alt landsens småfolk kryp i skjol;
- 5 Lik ville asen fer dei ut til øydemarki med sitt stræv; og veidefang på ville heid er maten borni deira fær.
- 6 Dei haustar mark ved nattetid, og gudlaus manns vinhage plundrar.
- 7 Um natti nakne, utan klæde, dei hev for kulden inkje dekkje.
- 8 Dei våte vert av regn på fjell, held seg i bergufs utan livd,
- 9 Ein farlaus lyt frå moderbarm ein armings klæde gjeng i pant.
- 10 Dei nakne gjeng og klædelause, i hunger dei på kornband dreg.
- 11 Dei kreistar olje innum murar, dei persar vin og tyrster lel.
- 12 Frå byen høyrest styn av menner, og gjenomstungne skrik um hjelp, men Gud ser ei slik meningsløysa.
- 13 Det finst og fiendar åt ljoset; dei kjenner ikkje ljossens vegar og held seg ei på ljossens stigar.
- 14 Ved dagsprett mordaren stend upp, slær arm og fatig mann i hel, um natti er han so som tjuven.
- 15 Horkaren spæjar etter skyming; han tenkjer: «Inkje auga ser meg.» Sitt andlit gøymer han med maska.
- 16 I myrkret bryt dei inn i hus, dei som ved dag seg inne stengjer dei seg inne; av ljoset vil dei ikkje vita.
- 17 Myrk natt er morgon for deim alle; for natteskræmslorne dei kjenner.
- 18 Snøgt fer han yver vatnet burt, bannstøytt vert jordi hans i landet; til vinberg gjeng han ikkje meir.
- 19 Som snøvatn kverv for turk og hite, so gløyper helheim deim som synda.
- 20 Av moderlivet gløymd han er, og makkar mettar seg på honom; det ingen er som minnest han; so brotsverk brest liksom eit tre.
- 21 Han plundra ho som ikkje fødde, som ufør var til barne-eign; mot enkja gjorde han ’kje vel.
- 22 Men han styd valdsmann med si kraft, og dei fær atter standa upp som hadde mist all von um livet.
- 23 Han styd deim so dei liver trygt, hans augo vaktar deira vegar.
- 24 Høgt stig dei, brått - dei er ’kje meir - dei sig og døyr som alle andre, vert skorne av som aks på strå.
- 25 Er det ’kje so? Kven legg imot? Kven gjer no mine ord um inkje?»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗