욥기 22장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 30절
- 1 Då tok Elifaz frå Teman til ords og sagde:
- 2 «Er mannen vel til gagn for Gud? Nei, vitug mann seg sjølv mun gagna.
- 3 Hev Allvald bate av di rettferd? Er det hans vinst, at rett du ferdast?
- 4 Er det din gudlegdom han refser, når han med deg held rettargang?
- 5 Hev ei din vondskap vore stor og dine syndar utan ende?
- 6 Grunnlaust du panta dine brøder; halvnakne drog du klædi av;
- 7 den trøytte gav du ikkje vatn, den svoltne negta du ditt brød.
- 8 Det er den sterke som eig landet, den stolte hev si bustad der.
- 9 Du jaga enkjor burt tomhendt’ burt, slo armen av på faderlause.
- 10 Difor ligg snaror kringum deg, og rædsla skræmer deg so brått.
- 11 Ell’ vert du ikkje myrkret var, den flaum som fossar yver deg?
- 12 Bur ikkje Gud i himmelhøgd, sjå øvste stjernor, høgt dei sit!
- 13 Du segjer so: «Kva veit vel Gud? Kann attum skyerne han døma?
- 14 For skyer dimmer augo hans; han hev sin gang på himmelkvelven.»
- 15 Seg, vil du fylgja fortids-vegen, den stig som illverksmenner gjekk?
- 16 Dei som i utid tekne vart - og deira grunn flaut burt i flaum -
- 17 som sagde til Gud: «Haldt du deg burte!» Kva skulde Allvald vel deim gjera?
- 18 Endå han signa deira hus - langt burt frå meg med gudlaus råd!
- 19 Rettvise folk det såg med gleda, og den skuldlause spotta deim:
- 20 «Fiendarn’ våre gjekk til grunns! Sjå elden øydde det dei leivde!»
- 21 Vert ven med honom, og få fred! So skal og lukka timast deg.
- 22 Og tak so lærdom av hans munn, og legg deg ordi hans på hjarta!
- 23 Vend um til Allvald, då du byggjest og jagar syndi frå ditt tjeld.
- 24 Kast gullet ditt i moldi ned - Ofir-gull millom bekkjesteinar.
- 25 Allvald skal vera då ditt gull og haugar utav sylv for deg.
- 26 Då skal du frygda deg i Allvald, di åsyn lyfta upp til Gud.
- 27 Og når du ropar, vil han høyra, so du kann halda det du lovar.
- 28 Det du deg etlar, skal du vinna, og ljos skal skina på din veg.
- 29 Gjeng vegen ned, du ropar: «Upp!» Han hjelpar den bljug-øygde mann.
- 30 Ja, ikkje-skuldfri mann han bergar, frelst vert han ved di reine hand.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗