욥기 21장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 34절
- 1 Då svara Job og sagde:
- 2 «Å høyr då, høyr på mine ord! Gjev i minsto det til trøyst!
- 3 Lat meg få lov å tala ut, so kann du spotta etterpå.
- 4 Klagar eg vel på menneskje? Og hev eg ikkje grunn til harm?
- 5 Vend dykk til meg, og ottast so; legg handi so på dykkar munn.
- 6 Eg støkk, når eg det kjem i hug; ei bivring gjenom kroppen gjeng.
- 7 Kvifor fær dei gudlause liva, auka i magt som åri gjeng?
- 8 Dei ser si ætt stå fast ikring deim, dei hev sitt avkjøme for augo.
- 9 I fred stend husi deira trygge, Guds svipa råkar ikkje deim;
- 10 med heppa parast deira fe, og kyrne kastar aldri kalv.
- 11 Dei slepper borni ut som lamb, og gutarne i leiken hoppar;
- 12 Dei syng til trumma og til cither og frygdar seg ved fløyteljod.
- 13 I lukka liver dei si tid og fer so brått til helheim ned.
- 14 Til Gud dei segjer: «Haldt deg burte!» Me vil ’kje kjenna dine vegar!
- 15 Kvi skal me tena den Allsterke? Kva gagnar det å be til honom?»
- 16 «Dei hev ’kje lukka si i handi» - Langt burt frå meg med gudlaus råd!
- 17 Når sloknar lampa for gudlause? Når kjem ulukka yver deim? Gjev han deim straff i vreidesmod?
- 18 Fer dei vel burt som strå for vind, lik agner som i stormen fyk?
- 19 «Gud gøymer straffi til hans born.» Nei, sjølv skal mannen straffi kjenna!
- 20 Lat han få sjå sitt eige fall og drikka harm frå den Allsterke!
- 21 Kva bryr han seg vel um sitt hus, når månadstalet hans er fullt?
- 22 Vil nokon hjelpa Gud til kunnskap, han som er domar for dei høgste?
- 23 Den eine døyr på velmagts høgd, fullkomleg trygg og fredeleg;
- 24 hans fat er fulle utav mjølk, og i hans bein er mergen frisk;
- 25 den andre døyr so beisk i hug, hev ingenting av lukka smaka.
- 26 Dei båe vert i moldi lagde, og deira klednad makkar er.
- 27 Sjå kor eg kjennar dykkar tankar, og dykkar meinkrokar mot meg.
- 28 De spør: «Kvar er vel stormannshuset? Kvar er det tjeld der gudlause bur?»
- 29 Hev de ’kje høyrt av ferdafolk - de trur vel det som dei fortel -:
- 30 «Den vonde frå ulukka slepp; han berga vert på vreidedagen.
- 31 Kven lastar honom for hans ferd? Og straffar honom for hans gjerd?
- 32 Han vert til gravi båren burt, og ved hans gravhaug held dei vakt.
- 33 Søtt søv han under torv i dal, og i hans far all verdi fer, som tallause gjekk fyre honom.
- 34 Det trøystar meg med tome ord; av dykkar svar er sviket att.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗