욥기 17장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 16절
- 1 Mi ånd er knekt, mitt liv er sløkt, no hev eg berre gravi att.
- 2 Eg hæding finn på kvar ein kant, ved deira tråss lyt auga dvelja.
- 3 Å, set eit pant for meg hjå deg! Kven elles skal meg handslag gjeva?
- 4 Du stengde deira sjæl for skyn; difor vil du ikkje lyfta deim.
- 5 Den som gjev vener burt til plundring, hans søner sloknar augo på.
- 6 Eg er for folk til ordtak sett, som ein dei sputtar beint i syni.
- 7 Mitt auga sjukt av sorger er, og mine lemer er ein skugge.
- 8 Dei rettvise støkk yver slikt, og skuldfri harmast på ugudleg.
- 9 Men rettvis mann sin veg gjeng fram, og magti veks hjå reinhendt mann.
- 10 Men de - kom berre alle att! Eg ingen vismann finn hjå dykk.
- 11 Og mine dagar dei kvarv burt; og mine planar slitna sund, dei som mitt hjarta emna på.
- 12 Men dei gjer natti um til dag, som ljos var næmare enn myrkrer.
- 13 Eit hus i helheim er mi von, i myrkret reider eg mi seng.
- 14 Til gravi ropar eg: «Min far!» til makken: «Mor mi! Syster mi!»
- 15 Kvar vert det då av voni mi? Mi von, kven augnar henne då?
- 16 Til helheims bommar fer ho ned, når eg til kvile gjeng i moldi.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗