욥기 16장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 22절
- 1 Då svara Job og sagde:
- 2 «Eg hev høyrt nok av dette slag; d’er brysam trøyst de alle gjev.
- 3 Vert det ’kje slutt på tome ord? Kva er det som til svar deg driv?
- 4 Eg skulde tala liksom de, i fall de var i staden min; eg sette ord i hop mot dykk, eg riste hovudet mot dykk;
- 5 eg skulde trøysta dykk med munnen og lindra dykk med lippemedynk.
- 6 Men tale lindrar ei min verk, og ikkje kverv han um eg tegjer.
- 7 Men no hev han meg trøytta ut, du hev øydt ut min heile huslyd.
- 8 Du klemde meg, til vitne vart det, mi liding reiste seg imot meg og vitna mot meg beint i syni.
- 9 Hans vreide reiv og elte meg; han gnistra tennerne imot meg; fiendar kveste augo på meg
- 10 og opna munnen sin imot meg og slo mi kinn med skjemdarslag og stima saman imot meg.
- 11 Til farkar Gud meg yverlet og kastar meg i brotsmenns vald.
- 12 Midt i min fred han skræmde meg, treiv meg i nakken, krasa meg, til skiva sette han meg upp.
- 13 Hans pilar svirrar kringum meg; bønlaust han kløyver mine nyro, mitt gall han tømer ut på jordi.
- 14 Han bryt meg sund med brot på brot og stormar mot meg som ei kjempa.
- 15 Sekk hev eg sytt um hudi mi og stukke hornet mitt i moldi.
- 16 Raudt er mitt andlit utav gråt, og myrkret tyngjer augneloki,
- 17 endå mi hand er rein for vald, og bøni mi er fri for svik.
- 18 Løyn ikkje blodet mitt, du jord! Legg ikkje klaga mi til kvile!
- 19 Alt no mitt vitne er i himmeln, min målsmann i det høge bur.
- 20 Når mine vener spottar meg; til Gud eg tårut auga vender.
- 21 Han døme millom Gud og mann og millom mannen og hans ven.
- 22 Og ikkje mange år det vert fyrr eg gjeng burt og kjem ’kje att.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗