욥기 15장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 35절
- 1 Då tok Elifaz frå Teman til ords og sagde:
- 2 «Kjem svar i vind og ver frå vismann? Fyller han barmen sin med storm?
- 3 Vil han med ugangstale lasta? Med ord som nyttelause er?
- 4 Otten for Gud den bryt du ned og skjeplar andakt for Guds åsyn.
- 5 For syndi styrer munnen din; du talar som dei falske talar.
- 6 Din munn deg dømer, ikkje eg; og dine lippor vitnar mot deg.
- 7 Vart fyrst av menneskje du fødd? Vert fyre haugarne du avla?
- 8 Var du i Guds rådleggjing med? Og fekk du visdom til deg rana?
- 9 Kva veit du som me ikkje veit? Kva skynar du som me ei kjenner?
- 10 Gråhærd og gamling er hjå oss; han eldre er enn jamvel far din.
- 11 Er trøyst frå Gud det altfor ring? Vanvyrder du eit rolegt ord?
- 12 Kvi let du hugen eggja deg? Kvi let du auga rulla vilt?
- 13 For imot Gud din harm du snur og let or munnen ordi strøyma.
- 14 Kor kann vel mannen vera rein? Og kvinnefødde hava rett?
- 15 På sine heilage han lit ei; for honom er ’kje himmeln rein,
- 16 langt mindre då ein styggeting, ein mann som urett drikk som med vatn.
- 17 Eg vil deg læra; høyr på meg! Det som eg såg, vil eg deg melda,
- 18 det som vismenner segja kann, og ei hev dult frå sine feder,
- 19 dei som åleine landet åtte, og ingen framand kom bland deim.
- 20 Den vonde stødt i uro liver, for valdsmann gøymt er fåe år.
- 21 I øyro rædsletonar ljomar; fyrr han veit av, kjem tynaren.
- 22 Han trur ’kje han kann fly frå myrkret; han venta lyt det kvasse sverd.
- 23 Han leitar etter brød: Kvar er det? Han veit, ein myrk dag er for hand.
- 24 Naud, trengsla skræmer, tyngjer honom, liksom ein konge budd til strid.
- 25 For imot Gud han lyfte handi og våga tråssa Allvalds-Gud,
- 26 han storma fram med nakken lyft, med vern utav skjold-ryggjer sterke;
- 27 han dekte andlitet med feitt og gjorde sine lender feite.
- 28 Han budde i bannstøytte byar, i hus som ingen burde bu i, men til grushaugar etla var.
- 29 Han vart ’kje rik, hans gods kverv burt, hans grøda luter ei mot jordi.
- 30 Han kann ’kje koma undan myrkret. Hans greiner turkast burt i hiten, og han kjem burt ved hans munns ande.
- 31 Trur han på fåfengd, vert han narra, og berre fåfengd haustar han.
- 32 Fyrr dagen kjem, då vert det uppfyllt, hans palmegreiner grønkar ikkje.
- 33 Lik vinstokk misser han si druva, spiller sin blom som oljetreet.
- 34 Ein syndarflokk set ingi frukt, og elden øyder mute- tjeldi.
- 35 Dei avlar møda, føder tjon, og svik i fanget sitt dei nører.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗