욥기 14장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 22절
- 1 Sjå - menneskjet, av kvinna født, det liver stutt, av uro mett.
- 2 Som blom det sprett og visnar burt, ja, lik ein skugge burt det fer.
- 3 Men du med honom auga held, og meg du dreg for domen din.
- 4 Skal tru det av ein urein kjem ein som er rein? Nei, ikkje ein!
- 5 Når dagetalet hans er sett, hans månads-tal sett fast hjå deg, når du for han ei grensa drog som ei han yverskrida kann,
- 6 so snu deg frå, lat han få fred og ha sin dag som leigekaren!
- 7 For treet er det endå von; um det vert det hogge, sprett det att, på renningar det vantar ikkje.
- 8 Når røterne i jordi eldest, og stomnen døyr i turre mold,
- 9 ved dåm av vatnet skyt det knupp, fær som ein stikling grøne greiner.
- 10 Men døyr ein mann, då ligg han der; han andast, og kvar er han då?
- 11 Som vatnet renn ut or ein sjø, som elvi minkar, turkast ut,
- 12 so ligg ein mann, ris ikkje upp; til himmeln kverv, dei vaknar ikkje; ein kann ’kje vekkja deim or svevnen.
- 13 Å, gjev du gøymde meg i helheim, løynde meg, til din vreide gav seg, gav meg ein frest, og so meg hugsa!
- 14 Tru mannen døyr og livnar att? I all min strid eg skulde vona og venta til avløysing kom.
- 15 Eg skulde svara, når du ropa og lengta mot dine eige verk.
- 16 Men no du tel kvart stig eg tek og agtar vel på syndi mi;
- 17 mi synd er læst i pungen inn, og på mi skuld du gøymer vel!
- 18 Som fjellet fell og smuldrast burt, og berget frå sin stad vert flutt,
- 19 Som vatnet holar steinen ut, og flaumen skolar moldi burt, so tek du ifrå mannen voni
- 20 og tyngjer honom ned for alltid. Han fer av stad; med åsyn rengd du sender honom burt frå deg.
- 21 Han veit ’kje um hans born vert heidra; han merkar ikkje um dei armast;
- 22 Hans eigen kropp hans liding valdar, og sjæli græt for eigi sorg.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗