욥기 13장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 28절
- 1 Ja, allting hev mitt auga set og øyra høyrde og forstod;
- 2 alt det de veit, det veit eg og; for dykk eg ei tilbake stend.
- 3 Men eg til Allvalds Gud vil tala, med Gud eg vil til retten ganga;
- 4 Men de vil dekkja til med lygn, er berre ugagnslækjarar.
- 5 Å, gjev de vilde tegja still, so kunde det for visdom gjelda.
- 6 Høyr på den skrapa eg vil gjeva, merk når mi lippa åtak gjer!
- 7 Vil de forsvara Gud med lygn? Vil de hans sak med urett verja?
- 8 Vil de for honom gjera mismun, og spela Guds sakførarar?
- 9 Gjeng det dykk vel, når han dykk prøver? Kann de han narra som eit mennesk’?
- 10 Han skal so visst dykk straffa strengt, um de slik mismunn gjer i løynd.
- 11 Med høgdi si han skræmar dykk, hans rædsla yver dykk skal falla.
- 12 Og dykkar kraft-ord vert til oska, og dykkar prov til blaute leir.
- 13 Teg stilt, lat meg tala ut, so fær det gå meg som det kann!
- 14 Kvi skuld’ eg ta mitt kjøt i tenner? Og halda livet mitt i handi?
- 15 Han drep meg, ei eg ventar anna, mi ferd for han lik’vel eg hævdar.
- 16 Men ogso det skal hjelpa meg; hjå han fær ingen urein møta.
- 17 So høyr då det eg segja vil; lat meg for dykkar øyro tala!
- 18 Eg saki hev til rettes lagt; eg skal få rett, det veit eg visst.
- 19 Kven er det som med meg kann strida? Eg skulde tegja stilt og døy.
- 20 Tvo ting må du spara meg for; då løyner eg meg ikkje for deg:
- 21 Di hand lyt burt frå meg du taka, lat ei di rædsla skræma meg!
- 22 Stemn meg so inn! eg stend til svars; eller eg talar og du svarar.
- 23 Kor mange brot og synder hev eg? Seg meg mi misgjerd og mi synd!
- 24 Kvifor vil du di åsyn løyna og for ein fiend’ halda meg?
- 25 Vil eit burtblåse blad du skræma? Forfylgja du eit visna strå? -
- 26 Når du idømer meg slik straff og let meg erva ungdoms synder
- 27 og legg i stokken mine føter, og vaktar alle mine vegar, slær krins um mine foteblad.
- 28 Og det mot ein som morkna er, lik klædeplagg som mol et upp.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗