욥기 12장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 25절
- 1 Då svara Job og sagde:
- 2 «Ja visst, de er dei rette folk, og visdomen døyr ut med dykk.
- 3 Men eg hev vit so vel som de; eg ei til atters stend for dykk; kven kjenner ikkje dette fyrr?
- 4 Til spott for venen min vert eg som bad til Gud og bønhøyrd vart. Til spott vert rettvis mann og ærleg.
- 5 Vanvyrd ulukka! tenkjer trygg mann, vanvyrdnad ventar deim som vinglar.
- 6 Valdsmenn bur roleg i sitt tjeld; trygge er dei som tergar Gud, dei som hev Gud i neven sin.
- 7 Spør bølingen, han skal deg læra, og fugl i luft, han segja skal,
- 8 og tal til jordi, ho skal læra, og fisk i hav, skal melda deg:
- 9 Kven skynar ei på alt i hop, at Herrens hand hev skapa det?
- 10 Kvar livand’ sjæl han hev i handi og åndi åt kvart menneskje.
- 11 Vert ordi ei med øyra prøvde, som du med gomen maten smakar?
- 12 Hjå folk med gråe hår er visdom, og vit hjå deim som liver lenge.
- 13 Hjå honom visdom er og kraft, hjå honom råd og dømekraft.
- 14 Når han riv ned, kven byggjer upp? Når han set fast, kven løyser ut?
- 15 Han stengjer vatnet, turkar det, slepper det, so det jordi øyder.
- 16 Hjå honom kraft og klokskap er; han eig båd’ vegvill og vill-leidar;
- 17 rådsherrar fører han som fangar, og domarar han gjer til dårar.
- 18 Han løyser konge-styring upp, legg reip kring livet på deim sjølve.
- 19 Han fører prestar plundra burt og øyder ut eld’-gamle ætter.
- 20 Han mælet tek frå øvde talar og vitet frå dei gamle menn,
- 21 og yver stormenn skam han øys og løyser beltet på dei sterke.
- 22 Han myrkret driv or holor ut og fører dimma fram i dagen.
- 23 Han aukar folk og tynar deim; han spreider folk og fører deim;
- 24 Han vitet tek frå jordheimsfyrstar og let veglaus heid deim vildra;
- 25 dei sviv i myrkret utan ljos, han let dei raga liksom drukne.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗