욥기 11장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 20절
- 1 Då tok Sofar frå Na’ama til ords og sagde:
- 2 «Skal slik ei svalling ei få svar? Skal slik ein storpratar få rett?
- 3 Skal menner for din ordflaum tegja? Skal du få spotta utan skjemsla?
- 4 Du segjer: «Rein er læra mi, eg skuldfri er i dine augo.»
- 5 Men dersom berre Gud vil tala og opna munnen sin mot deg,
- 6 og syna deg sin løynde visdom, kor han eig vit i dobbelt mål! Då skulde du nok skyna at Gud gjev deg noko til av syndi.
- 7 Skal tru Guds tankedjup du kjenner? Hev du nått fram til Allvalds grensa?
- 8 Høgar’ enn himmelen - kva gjer du? Djupar’ enn helheimen - kva veit du?
- 9 Lenger enn jordi strekkjer seg og breidare enn havet sjølv.
- 10 Når han skrid fram og legg i lekkjor, stemnar til doms, kven stoggar honom?
- 11 Han kjenner deim som talar lygn; han ser den falske utan leiting.
- 12 Det tome hovud fær forstand, og asenfolen vert til mann.
- 13 Men vil du bu ditt hjarta rett og henderne mot honom breida
- 14 og halda svik frå handa di og urett burte frå ditt tjeld,
- 15 då kann du lyt’laust hovud lyfta, då stend du fast og ræddast ikkje;
- 16 då kann du gløyma all di møda, liksom ei elv som framum rann.
- 17 Klårar’ enn dagen stend ditt liv, og myrkret vert til morgongråe;
- 18 då er du trygg, då hev du von, du ottelaus til kvile gjeng.
- 19 Du ligg, og ingen upp deg skræmer, og mange vil deg gjerne tekkjast.
- 20 Men augo veiknar på dei vonde; dei hev ’kje nokor tilflugt meir, men ventar på å anda ut.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗