요한복음 5장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한복음 (John) · 47절
- 1 Ei tid etterpå var det ei av høgtiderne åt jødarne, og Jesus for upp til Jerusalem.
- 2 Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam som dei på hebraisk kallar Betesda, med fem sulehallar kringum;
- 3 i deim låg det ei heil mengd med sjuke - blinde, halte, nomne - som venta på at vatnet skulle rørast upp;
- 4 for ein engel for frå tid til tid ned i dammen og rørde upp vatnet, og den fyrste som då steig uti, etter at vatnet var upprørt, han vart frisk, kva sjukdom han so leid av.
- 5 No var det der ein mann som hadde dregest med sjukdomen sin i åtte og tretti år.
- 6 Då Jesus såg honom liggja der, og fekk vita at han hadde vore sjuk i lang tid, sagde han til honom: «Vil du verta frisk?»
- 7 «Herre,» svara den sjuke, «eg hev ingen som kann bera meg ned i dammen når vatnet tek til å rørast, og med eg er på vegen, stig ein annan ned fyre meg.»
- 8 Jesus segjer til honom: «Statt upp, tak sengi di og gakk!»
- 9 Og straks vart mannen frisk, og tok sengi si og gjekk. Det var ein kviledag dette hende;
- 10 difor sagde jødarne til den som hadde vorte lækt: «Det er kviledag! Du hev ikkje lov til å bera sengi.»
- 11 Han svara: «Den som gjorde meg frisk, han sagde til meg: «Tak sengi di og gakk!»»
- 12 Dei spurde honom: «Kva var det for ein mann som sagde til deg: «Tak sengi di og gakk?»»
- 13 Men den som hadde vorte lækt, visste ikkje kven det var, for Jesus hadde drege seg undan av di det var so mykje folk der på staden.
- 14 Sidan fekk Jesus sjå honom i templet og sagde til honom: «No hev du fenge att helsa di. Synda no ikkje meir! elles kunde det henda deg noko verre!»
- 15 Mannen gjekk av stad og sagde med jødarne at det var Jesus som hadde gjort honom frisk.
- 16 Og difor forfylgde jødarne Jesus, sidan han gjorde slikt på ein kviledag.
- 17 Han svara deim: «Far min arbeider til no; eg arbeider og.»
- 18 Difor var jødarne endå meir huga på å drepa honom, sidan han ikkje berre braut helgi, men jamvel kalla Gud Far sin, og gjorde seg sjølv lik med Gud.
- 19 So tok Jesus til ords og sagde til deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Sonen kann ingen ting gjera av seg sjølv, anna enn det han ser Faderen gjer; for det han gjer, det gjer Sonen og like eins.
- 20 For Faderen Sonen kjær, og syner honom alt det han gjer sjølv, og han skal syna honom større verk enn desse, so de skal koma til å undrast.
- 21 For liksom Faderen vekkjer upp dei daude og gjev deim liv, soleis gjev Sonen og liv åt kven han vil.
- 22 For Faderen dømer ikkje heller nokon, men hev gjeve heile domen yver til Sonen,
- 23 so alle skal æra Sonen som dei ærar Faderen. Den som ikkje ærar Sonen, ærar ikkje Faderen, som hev sendt honom.
- 24 Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som høyrer mitt ord og trur den som sende meg, han hev ævelegt liv, og kjem ikkje for domen, men hev gjenge yver frå dauden til livet.
- 25 Det segjer eg dykk for visst og sant: Det kjem ei tid, ja, ho hev alt kome, då dei daude skal høyra røysti åt Guds Son, og dei som lyder på henne, skal liva.
- 26 For liksom Faderen hev liv i seg sjølv, so gav han og Sonen den gåva at han hev liv i seg sjølv;
- 27 og han gav honom fullmagt til å halda dom, av di han er ein menneskjeson.
- 28 De må ikkje undrast på det! For det kjem ein time då alle dei som ligg i graverne skal høyra hans røyst,
- 29 og dei skal koma ut; dei som hev gjort godt, skal standa upp til liv, og dei som hev gjort vondt, skal standa upp til dom.
- 30 Eg kann ikkje gjera noko av meg sjølv; eg dømer etter det eg høyrer, og domen min er rettferdig; for eg gjeng ikkje etter min eigen vilje, men etter hans vilje som sende meg.
- 31 Dersom eg vitnar um meg sjølv, so sæter ikkje vitnemålet mitt.
- 32 Det er ein annan som vitnar um meg, og eg veit at det vitnemålet han gjev meg, er sant.
- 33 De hev sendt bod til Johannes, og han hev vitna for sanningi.
- 34 Men eg tek ikkje mot vitnemål av noko menneskje; dette nemner eg berre av di eg gjerne vil de skal frelsast.
- 35 Han var lampa som brann og skein, og de hadde hug til å gleda dykk eit bil i ljoset hans.
- 36 Men eg hev eit vitnemål som er større enn det frå Johannes; for dei verki som Far min hev gjeve meg, og vil eg fullføra, sjølve dei verki eg gjer, vitnar um meg at Faderen hev sendt meg.
- 37 Og Faderen, som sende meg, hev sjølv vitna um meg. Hans røyst hev de aldri høyrt, og hans skapnad hev de aldri set,
- 38 og hans ord ber de ikkje i hjarta dykkar; for den han sende, honom trur de ikkje.
- 39 De granskar skrifterne av di de tenkjer at de hev eit ævelegt liv i deim, og dei er det som vitnar um meg.
- 40 Og endå vil de ikkje koma til meg, so de kann hava liv.
- 41 Eg tek ikkje mot æra av menneskje,
- 42 men eg kjenner dykk og for at de ikkje hev kjærleiken til Gud i dykk.
- 43 Eg er komen i far min’s namn, og de tek ikkje imot meg; kjem ein annan i sitt eige namn - honom tek de imot!
- 44 Korleis kann de tru, de som tek imot æra av kvarandre, men ikkje søkjer den æra som kjem frå den einaste Gud?
- 45 De må ’kje tenkja eg vil klaga dykk for far min! Det er ein som klagar dykk, Moses, han som de hev sett dykkar von til.
- 46 For trudde de Moses, so trudde de meg; for det er meg han hev skrive um.
- 47 Men når de ikkje trur hans skrifter, korleis skal de då tru mine ord?»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗