요한복음 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한복음 (John) · 54절
- 1 Då no Jesus fekk vita at farisæarane hadde høyrt han vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes
- 2 - endå det var ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinarne hans -
- 3 so tok han ut frå Judæa og for til Galilæa att.
- 4 Han laut fara gjenom Samaria,
- 5 og kom då til ein by i Samaria som heiter Sykar og ligg tett ved den marki som Jakob gav Josef, son sin.
- 6 Der var Jakobs-kjelda. Jesus var trøytt etter ferdi, og sette seg beint ned der innmed kjelda; det var ikring den sette timen.
- 7 Då kjem det ei kvinna frå Samaria og vil draga upp vatn. Jesus segjer til henne: «Lat meg få drikka!»
- 8 For læresveinarne hans hadde gjenge inn til byen og skulde kjøpa mat.
- 9 «Korleis hev det seg,» segjer den samaritanske kvinna, «at du, som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinna, um drikka?» - for jødarne hev ikkje nokoslag samlag med samaritanarne.
- 10 Jesus svara: «Dersom du kjende Guds gåva, og visste kven han er, han som bed deg um drikka, so bad du honom, og han gav deg livande vatn.»
- 11 «Herre,» segjer kvinna, «du hev ingen ting å draga upp med, og brunnen er djup! Kvar hev du då det livande vatnet frå?
- 12 Er då du større enn Jakob, ættfaren vår, som hev gjeve oss brunnen? han hev sjølv drukke av honom, og sønerne og feet hans med.»
- 13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att,
- 14 men den som drikk av det vatnet eg vil gjeva honom, vert aldri tyrst meir; for det vatnet eg gjev honom, vert i honom til ei kjelda med vatn som vell upp til ævelegt liv.»
- 15 «Herre,» sagde kvinna, «gjev meg det vatnet, so eg ikkje vert tyrst meir, og ikkje treng koma alt hit og draga upp vatn!»
- 16 Han segjer til henne: «Gakk og henta mannen din, og kom hit att!»
- 17 «Eg hev ingen mann,» svara kvinna. «Det er rett som du segjer, at du ikkje hev nokon mann,» sagde Jesus;
- 18 «for du hev havt fem menner, og den du hev no, er ikkje din mann. No sagde du sant.»
- 19 «Herre, eg ser at du er ein profet!» sagde kvinna.
- 20 «Federne våre tilbad Gud på dette fjellet, og de segjer at det er i Jerusalem ein skal tilbeda honom.»
- 21 Jesus segjer til henne: «Tru meg, kvinna; det kjem ei tid då de ikkje skal tilbeda Faderen på dette fjellet og ikkje i Jerusalem heller.
- 22 De tilbed det de ikkje kjenner, me tilbed det me kjenner; for frelsa kjem frå jødarne.
- 23 Men det kjem ei tid, og ho hev alt kome, då dei rette tilbedarane skal tilbeda Faderen i ånd og sanning; for slike tilbedarar er det Faderen vil hava.
- 24 Gud er ånd, og dei som tilbed honom, lyt tilbeda i ånd og sanning.»
- 25 Kvinna segjer til honom: «Eg veit at Messias kjem» - Messias er det same som Kristus -; «når han kjem, skal han læra oss alt.»
- 26 Jesus segjer til henne: «Det er eg - eg som talar med deg.»
- 27 I det same kom læresveinarne hans. Dei undra seg yver at han tala med ei kvinna; like vel var det ingen som sagde: «Kva vil du henne?» eller: «Kvi talar du med henne?»
- 28 So let kvinna vatskrukka si standa, og gjekk av stad til byen og sagde til folki:
- 29 «Kom, so skal de sjå ein mann som hev sagt meg alt eg hev gjort! Skal tru han er Messias?»
- 30 Då gjekk dei ut or byen. Med dei var på vegen til honom,
- 31 bad læresveinarne honom: «Et, rabbi!»
- 32 Han svara: «Eg hev ein mat som ikkje de veit um.»
- 33 Då sagde læresveinarne seg imillom: «Tru nokon hev bore mat til honom?»
- 34 Jesus segjer til deim: «Min mat er at eg gjer det han vil som sende meg, og fullfører hans verk.
- 35 Segjer ikkje de: «Det er endå fire månader fyrr hausten kjem?» Men høyr kva eg segjer dykk: Lyft upp augo dykkar og skoda åkrane, korleis dei alt gulnar mot hausten.
- 36 Den som haustar fær løn, og samlar grøda til ævelegt liv, so dei skal få gleda seg saman både den som sår og den som haustar.
- 37 For her høver det ordet: «Det er ein som sår og ein annan som haustar.»
- 38 Eg hev sendt dykk ut til å hausta det som de ikkje hev havt noko arbeidt med; andre hev havt arbeidet, og de hev gjenge inn i arbeidet deira.»
- 39 Det var mange av samaritanarne frå den byen som trudde på honom for det som kvinna hadde sagt då ho vitna: «Han hev sagt meg alt eg hev gjort!»
- 40 Då no samaritanarne kom til honom, bad dei at han vilde vera hjå deim, og han vart verande der tvo dagar.
- 41 Og mange fleire trudde for skuld ordet han tala,
- 42 og dei sagde til kvinna: «No trur me ’kje lenger for skuld det du hev tala; for me hev sjølve høyrt honom og veit no for visst at han er den som skal frelsa verdi.»
- 43 Då dei tvo dagarne var lidne, tok han ut derifrå og for til Galilæa;
- 44 for Jesus vitna sjølv at ein profet vert ikkje æra i sitt eige fedreland.
- 45 Då han no kom til Galilæa, tok galilæarane vel imot honom; dei hadde set alt det han gjorde i Jerusalem på høgtidi; for dei var sjølve komne til høgtidi.
- 46 So kom han då atter til Kana i Galilæa, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongsmann som hadde ein sjuk son.
- 47 Då han fekk høyra at Jesus hadde teke ut frå Judæa og var komen til Galilæa, gjekk han til honom og bad at han vilde koma ned og lækja son hans; for han låg på det siste.
- 48 Jesus svara: «Ser de ’kje teikn og under, so trur de ikkje.»
- 49 Kongsmannen segjer til honom: «Herre, kom ned innan barnet mitt døyr!»
- 50 Jesus segjer til honom: «Gakk heim att! Son din liver.» Mannen trudde det Jesus sagde til honom og gjekk.
- 51 Då han alt var på heimvegen, kom tenarane hans imot honom og sagde at guten hans livde.
- 52 So spurde han deim kva tid det hadde vorte betre med honom. «I går den sjuande timen slepte sotti honom,» sagde dei.
- 53 Då skyna faren at det var i den same timen som Jesus hadde sagt til honom: «Son din liver,» og han trudde, både han og heile hans hus.
- 54 Dette var det andre teiknet Jesus gjorde då han no atter kom frå Judæa til Galilæa.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗