요한복음 20장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한복음 (John) · 31절
- 1 Tidleg den fyrste dagen i vika, medan det endå var myrkt, kjem Maria Magdalena til gravi, og ser at steinen er teken burt frå gravi.
- 2 Ho spring av stad, og kjem til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus elska, og segjer til deim: «Dei hev teke Herren ut or gravi, og me veit ikkje kvar dei hev lagt honom.»
- 3 Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på vegen til gravi.
- 4 Dei sprang båe saman; so sprang den andre læresveinen fyre, forare enn Peter, og kom fyrst til gravi.
- 5 Han lutte seg ned og glytte inn; då såg han at lindarne låg der; men han gjekk ikkje inn.
- 6 So kjem Simon Peter etter, og gjekk inn i gravi. Han ser lindarne liggja der;
- 7 men sveiteduken, som Jesus hadde havt kring hovudet, låg ikkje saman med lindarne, men på ein stad for seg sjølv, og var balla i hop.
- 8 Då gjekk den andre læresveinen og inn, han som var komen fyrst til gravi, og han såg og trudde.
- 9 For dei skyna endå ikkje skrifti, at han skulde standa upp frå dei daude.
- 10 So gjekk læresveinarne heim att.
- 11 Men Maria stod utanfor ved gravi og gret. Som ho no gråtande lutte seg ned og glytte inn i gravi,
- 12 fær ho sjå tvo kvitklædde englar sitja der, ein ved hovudet og ein ved føterne, der likamen åt Jesu hadde lege.
- 13 Dei segjer til henne: «Kvi græt du, kvinna?» Ho svarar: «For di dei hev teke Herren min burt, og eg veit ikkje kvar dei hev lagt honom.»
- 14 Med so sagt snudde ho seg, og då ser ho Jesus stend der, men ho visste ikkje at det var han.
- 15 Jesus segjer til henne: «Kvi græt du, kvinna? Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var hagemeisteren, og segjer til honom: «Herre, er det du som hev bore han burt, so seg meg kvar du hev lagt honom; då vil eg henta honom.»
- 16 «Maria!» segjer Jesus. Då snur ho seg, og segjer til honom på hebraisk: «Rabbuni!» det er på vårt mål: «Meister!»
- 17 «Kom ikkje nær meg!» segjer Jesus; «for endå hev eg ikkje fare upp til far min. Men gakk til brørne mine, og seg deim frå meg: No fer eg upp til honom som er min Fader og dykkar Fader, og min Gud og dykkar Gud!»
- 18 Maria Magdalena kjem og segjer til læresveinarne: «Eg hev set Herren,» og at han hadde sagt dette til henne.
- 19 Då det vart kveld same dagen - den fyrste i vika - og dørerne var stengde der læresveinarne var, av di dei var rædde jødarne, kom Jesus og stod midt ibland deim og segjer: «Fred vere med dykk!»
- 20 og då han hadde sagt det, synte han deim henderne sine og sida si. Læresveinarne vart glade då dei såg Herren.
- 21 Og han sagde endå ein gong: «Fred vere med dykk! Som Faderen hev sendt meg, so sender eg dykk.»
- 22 Med desse ordi anda han på deim og sagde til deim: «Tak imot den Heilage Ande!
- 23 Tilgjev de nokon synderne deira, so er dei tilgjevne; held de dei att for nokon, so er dei atthaldne.»
- 24 Tomas, ein av dei tolv, han som me kallar Didymus, var ikkje saman med deim då Jesus kom.
- 25 So sagde dei andre læresveinarne med honom: «Me hev set Herren.» Han svara: «Det trur eg ikkje fyrr eg fær sjå naglemerket i henderne hans og fær stinga fingeren min i nagleholet og fær stinga handi mi i sida hans.»
- 26 Åtte dagar etter var læresveinarne hans inne att, og Tomas var med deim. Dørerne var stengde. Då kom Jesus og stod midt ibland deim og sagde: «Fred vere med dykk!»
- 27 So segjer han til Tomas: «Kom hit med fingeren din, og sjå på henderne mine, og kom hit med handi di og stikk henne i sida mi, og ver ikkje vantruen, men truande!»
- 28 «Min Herre og min Gud!» svara Tomas.
- 29 Jesus segjer til honom: «Sidan du hev set meg, trur du! Sæle dei som ikkje ser og endå trur!»
- 30 Endå mange andre teikn gjorde Jesus for augo åt læresveinarne sine, teikn som ikkje er skrive i denne boki.
- 31 Men desse er skrivne so de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og so de som trur skal hava liv i hans namn.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗