요한복음 21장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한복음 (John) · 25절
- 1 Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinarne ved Tiberiassjøen. Med det gjekk det soleis til:
- 2 Simon Peter og Tomas - han som me kallar Didymus - og Natanael - han frå Kana i Galilæa - og Sebedæus-sønerne og tvo andre av læresveinarne var der i hop.
- 3 Då segjer Simon Peter til deim: «Eg gjeng ’stad å fiska.» «Me vil og med,» segjer dei. So tok dei ut og steig i båten; men den natti fekk dei ’kje noko.
- 4 I det bilet det tok til å dagast, stod Jesus med ein gong på strandi; men læresveinarne visste ikkje at det var han.
- 5 Jesus segjer til deim: «De hev vel ikkje noko å eta, born?» «Nei,» svara dei.
- 6 «Kasta garnet på høgre sida av båten, so fær de fisk,» sagde han. Dei so gjorde, og då var dei ikkje god til å draga garnet, so mykje fisk var der i det.
- 7 Då segjer den læresveinen som Jesus elska, til Peter: «Det er Herren!» Med det same Simon Peter fekk høyra at det var Herren, tok han kjolen sin på seg - for han hadde lagt honom av - og kasta seg i sjøen.
- 8 Og dei andre læresveinarne kom med båten, og slæpte garnet med fiskarne etter seg; for dei var ikkje langt ifrå land, berre tvo hundrad alner på lag.
- 9 Då dei steig i land, ser dei ein glohaug som ligg der med fisk på og brød.
- 10 «Kom hit med noko av den fisken de fekk!» segjer Jesus.
- 11 Då steig Simon Peter ut i båten og drog garnet på land; det var fullt av store fiskar, hundrad og tri og femti; men endå det var so mange, gjekk ikkje garnet sund.
- 12 «Kom hit og få dykk ein morgonbite!» segjer Jesus. Ingen av læresveinarne våga å spyrja honom: «Kven er du?» dei visste at det var Herren.
- 13 Då kom Jesus, og tok brødet og gav deim, og like eins fisken.
- 14 Dette var no tridje gongen Jesus openberra seg for læresveinarne etter at han hadde stade upp frå dei daude.
- 15 Som dei no hadde ete morgonverden, segjer Jesus til Simon Peter: «Simon Johannesson, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre,» svarar han; «du veit at eg held av deg.» «Fød lambi mine!» segjer Jesus.
- 16 So segjer han til honom att, andre gongen: «Simon Johannesson, elskar du meg?» Han svarar: «Ja, Herre, du veit eg held av deg.» «Gjæt sauerne mine» segjer Jesus.
- 17 So segjer han til honom tridje gongen: «Simon Johannesson, held du av meg?» Peter tykte det leidt at han spurde honom tridje gongen: «Held du av meg?» Han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg held av deg.» Jesus segjer til han: «Fød sauerne mine!»
- 18 «Det segjer eg deg for visst og sant: Då du var yngre, batt du sjølv livgjordi um deg og gjekk dit du vilde; men når du vert gamall, skal du retta ut henderne dine, og ein annan skal binda livgjordi um deg og føra deg dit du ikkje vil.»
- 19 Det sagde han for å vitra um kvaslags daude han skulde koma til å æra Gud med. Då han hadde sagt det, segjer han til honom: «Fylg meg!»
- 20 Då Peter snudde seg, ser han at den læresveinen som Jesus elska, fylgde med, han som hadde sete tett innmed honom då dei heldt nattverd, og spurt: «Herre, kven er den som svik deg?»
- 21 Då Peter såg honom, segjer han til Jesus: «Herre, korleis skal det so ganga honom?»
- 22 Jesus svarar: «Um eg vil at han skal liva til eg kjem, kva hev so du med det? Fylg du meg!»
- 23 Soleis kom det ordet ut bland brørne: «Den læresveinen døyr ikkje.» Men Jesus sagde ikkje til honom at han ikkje skulde døy; det han sagde var: «Um eg vil at han skal liva til eg kjem, kva hev so du med det?»
- 24 Det er den læresveinen som vitnar um desse ting og hev skrive dette, og me veit at vitnemålet hans er sant.
- 25 Det er endå mykje anna som Jesus hev gjort. Skulde det skrivast upp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verdi vilde røma dei bøkerne som då laut skrivast.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗