요한복음 19장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한복음 (John) · 42절
- 1 Då tok Pilatus og let deim hudfletta Jesus.
- 2 Og hermennerne fletta ein krans av klunger og sette på hovudet hans og kasta ei purpurkåpe um honom, og gjekk fram for honom og sagde:
- 3 «Heil, konge yver jødarne!» og slo til honom i andlitet.
- 4 Pilatus gjekk ut att og sagde til deim: «Her kjem eg ut til dykk med honom, so de skal vita at eg ikkje finn nokor skuld hjå honom.»
- 5 So kom Jesus ut med klungerkransen på og purpurkåpa, og Pilatus segjer til deim: «Sjå det menneskjet!»
- 6 Med det same dei fekk sjå honom, øvsteprestarne og sveinarne deira, skreik dei: «Krossfest, krossfest!» Pilatus segjer til deim: «Tak de og krossfest honom! Eg finn ingi skuld hjå honom.»
- 7 Jødarne svara: «Me hev ei lov; etter den lyt han døy, for di han hev gjeve seg ut for Guds Son.»
- 8 Då Pilatus høyrde det ordet, vart han endå ræddare;
- 9 han gjekk inn att i borgi og spurde Jesus: «Kvar er du ifrå?» Men Jesus gav han ikkje noko svar.
- 10 Pilatus segjer til honom: «Svarar du meg ikkje? Veit du ’kje at eg hev magt til å gjeva deg fri og hev magt til å krossfesta deg?»
- 11 Jesus svara: «Du hadde ingi magt yver meg, var det ’kje gjeve deg ovantil. Difor hev han større synd den som gav meg yver til deg.»
- 12 Frå den stundi vilde Pilatus gjerne gjeva honom fri. Men jødarne ropa: «Gjev du honom fri, er du ikkje ven med keisaren. Kvar den som gjer seg sjølv til konge, set seg upp imot keisaren.»
- 13 Då Pilatus høyrde dei ordi, førde han Jesus ut og sette seg i domarsætet, på den staden dei kallar Tavletilet - på hebraisk heiter det Gabbata -.
- 14 Det var då fyrebuingsdagen i påskehelgi, og var um lag den sette timen. So segjer han til jødarne: «Sjå her er kongen dykkar!»
- 15 Då ropa dei: «Burt, burt med honom! Krossfest han!» «Skal eg krossfesta kongen dykkar?» segjer Pilatus. «Me hev ingen konge utan keisaren,» svara øvsteprestarne.
- 16 Då gav han Jesus yver til deim, so han skulde krossfestast.
- 17 So tok dei Jesus med seg. Han bar sjølv krossen sin, og gjekk ut til Skallestaden dei kallar - på hebraisk kallast det Golgata -.
- 18 Der feste dei honom til krossen, og saman med honom tvo andre, ein på kvar sida, og Jesus midt imillom.
- 19 Pilatus skreiv og ei innskrift og sette på krossen; ho lydde so: Jesus frå Nasaret, kongen yver jødarne.
- 20 Den innskrifti las då mange av jødarne; for staden der Jesus vart krossfest, var tett utmed byen, og det var skrive på hebraisk og latin og gresk.
- 21 Då sagde øvsteprestarne åt jødarne til Pilatus: «Skriv ikkje: Kongen yver jødarne, men: Han sagde: «Eg er konge yver jødarne!»»
- 22 «Det eg hev skrive, hev eg skrive,» svara Pilatus.
- 23 Då hermennerne hadde fest Jesus til krossen, tok dei klædi hans og skifte i fire luter, ein for kvar hermann. Kjolen tok dei og. Kjolen var usauma og heilvoven alt ovantil;
- 24 difor sagde dei seg imillom: «Lat oss ikkje riva honom sund, men draga strå um kven som skal hava honom!» Soleis skulde skrifti sannast: «Dei skifte klædi mine millom seg, og kasta lut um kjolen min.» So gjorde no hermennerne.
- 25 Men innmed krossen åt Jesus stod mor hans og morsyster hans, Maria, kona hans Klopas, og Maria Magdalena.
- 26 Og då Jesus såg mor si, og såg at den læresveinen som han elska, stod der innmed, segjer han til mori: «Kvinna, der er son din!»
- 27 So segjer han til læresveinen: «Der er mor di!» Og frå den stundi tok læresveinen henne heim til seg.
- 28 Då visste Jesus at no var alt fullført, so skrifti skulde sannast; so segjer han: «Eg er tyrst.»
- 29 Det stod eit kjer der som var fullt av vineddik; so fyllte dei ein svamp med den ediken, og sette honom på ein bergmynte-stylk og heldt honom upp til munnen hans.
- 30 Då Jesus hadde fenge ediken, sagde han: «Det er fullført!» og han bøygde hovudet og gav andi si yver til Gud.
- 31 Etter di det no var fyrebuingsdagen, og liki ikkje måtte verta hangande på krossen um kviledagen - for den kviledagen var storheilag - so bad jødarne Pilatus at beini måtte brjotast sund på deim, og at dei måtte takast ned.
- 32 Då kom hermennerne og braut sund beini, både på den fyrste og den andre som hadde vorte krossfeste i hop med honom.
- 33 Då dei kom til Jesus, og såg at han alt var slokna, braut dei ikkje hans bein sund;
- 34 men ein av hermennerne stakk honom i sida med eit spjot, og straks kom det ut blod og vatn.
- 35 Dette vitnar ein som hev set det, og vitnemålet hans er sætande; han veit sjølv at han segjer sant, so de og må tru.
- 36 For dette hende av di Skrifti laut sannast: «Det skal ’kje brjotast sund eit bein på honom.»
- 37 Og eit anna skriftord att lyder so: «Dei skal sjå burt på honom som dei hev gjenomstunge.»
- 38 Sidan kom Josef frå Arimatæa, som var ein av læresveinarne åt Jesus, men dulde for det, av di han var rædd jødarne; han bad Pilatus um han måtte få taka likamen åt Jesus, og Pilatus gav honom lov til det. So kom han og henta likamen hans.
- 39 Nikodemus, han som fyrst var komen til honom um natti, kom og, og hadde med seg ei blanding av myrra og aloe, um lag hundrad pund.
- 40 So tok dei likamen åt Jesus og sveipte honom med lindar og lagde dei angande kryddorne imillom, soleis som jødarne hev for vis når dei bur ein til likferd.
- 41 På den staden han vart krossfest var det ein hage, og i hagen ei ny grav, som det endå aldri hadde vorte sett ned nokon i.
- 42 Der lagde dei då Jesus, av di det var fyrebuingsdagen åt jødarne, og gravi var nær innmed.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗