요한복음 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한복음 (John) · 25절
- 1 Tridje dagen stod det eit brudlaup i Kana i Galilæa. Mor åt Jesus var der,
- 2 og Jesus og læresveinarne hans vart og bedne til brudlaupet.
- 3 Då vinen traut, segjer mor åt Jesus til honom: «Dei hev ikkje vin!»
- 4 «Kva vil du meg, kvinna?» svara Jesus; «mi tid er ikkje endå komi.»
- 5 «Gjer alt han segjer til dykk!» sagde mor hans til bordsveinarne.
- 6 Etter di no jødarne hev for vis å två seg fyre måli, stod det der seks vats-kjer av stein; kvart av deim tok tvo eller tri anker.
- 7 «Fyll kjeri med vatn!» segjer Jesus til bordsveinarne. Då fyllte dei kjeri heilt uppåt barden.
- 8 So sagde han til deim: «Aus no upp, og ber det til kjøkemeisteren!» Dei so gjorde;
- 9 men då kjøkemeisteren hadde smaka på vatnet som var vorte til vin, og ikkje visste kvar den vinen kom ifrå - men bordsveinarne visste det, dei som hadde aust upp vatnet - so ropa han på brudgomen, og sagde til honom:
- 10 «Kvar mann set fyrst fram den gode vinen, og når folk hev vorte drukne, den ringare; du hev gøymt den gode vinen til no!»
- 11 Dette fyrste teiknet sitt gjorde Jesus i Kana i Galilæa, og let sin herlegdom skina fram; og læresveinarne hans trudde på honom.
- 12 Sidan for han ned til Kapernaum med mor si og brørne og læresveinarne sine, og der vart dei verande nokre få dagar.
- 13 Det leid til påskehelgi åt jødarne, og Jesus for upp til Jerusalem.
- 14 I templet fann han folk som selde uksar og sauer og duvor, og andre som sat og veksla pengar.
- 15 Då gjorde han seg ei svepa av reimar og dreiv deim alle ut or templet, og sauerne og uksarne med; småpengarne åt vekslarane kasta han utyver, og velte bordi deira,
- 16 og til duvekræmarane sagde han: «Burt med dette! Gjer ikkje huset åt Far min til ei krambud!»
- 17 Og læresveinarne kom i hug at det stend skrive: «Brennhug for ditt hus kjem til å eta meg upp.»
- 18 Då tok jødarne til ords og sagde til honom: «Kva teikn syner du oss, sidan du gjer dette?»
- 19 Jesus svara: «Riv dette templet ned, og eg skal reisa det upp att på tri dagar!»
- 20 «I seks og fyrti år hev det vore bygt på dette templet,» sagde dei då, «og du vil reisa det upp att på tri dagar!»
- 21 Men det var likams-templet sitt han tala um.
- 22 Då han no hadde stade upp frå dei daude, kom læresveinarne hans i hug at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifti og det ordet Jesus hadde sagt.
- 23 Medan han var i Jerusalem i påskehelgi, på høgtidi, trudde mange på namnet hans då dei såg dei teikni han gjorde.
- 24 Men sjølv trudde Jesus seg ikkje til deim, av di han kjende alle,
- 25 og ikkje trong at nokon skulde vitna um noko menneskje; for han visste sjølv kva som budde i det menneskjet.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗