요한복음 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한복음 (John) · 25절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Tridje dagen stod det eit brudlaup i Kana i Galilæa. Mor åt Jesus var der, | And the third day there was a marriage in Cana of Galilee; and the mother of Jesus was there: |
| 2 | og Jesus og læresveinarne hans vart og bedne til brudlaupet. | And both Jesus was called, and his disciples, to the marriage. |
| 3 | Då vinen traut, segjer mor åt Jesus til honom: «Dei hev ikkje vin!» | And when they wanted wine, the mother of Jesus saith unto him, They have no wine. |
| 4 | «Kva vil du meg, kvinna?» svara Jesus; «mi tid er ikkje endå komi.» | Jesus saith unto her, Woman, what have I to do with thee? mine hour is not yet come. |
| 5 | «Gjer alt han segjer til dykk!» sagde mor hans til bordsveinarne. | His mother saith unto the servants, Whatsoever he saith unto you, do it. |
| 6 | Etter di no jødarne hev for vis å två seg fyre måli, stod det der seks vats-kjer av stein; kvart av deim tok tvo eller tri anker. | And there were set there six waterpots of stone, after the manner of the purifying of the Jews, containing two or three firkins apiece. |
| 7 | «Fyll kjeri med vatn!» segjer Jesus til bordsveinarne. Då fyllte dei kjeri heilt uppåt barden. | Jesus saith unto them, Fill the waterpots with water. And they filled them up to the brim. |
| 8 | So sagde han til deim: «Aus no upp, og ber det til kjøkemeisteren!» Dei so gjorde; | And he saith unto them, Draw out now, and bear unto the governor of the feast. And they bare it. |
| 9 | men då kjøkemeisteren hadde smaka på vatnet som var vorte til vin, og ikkje visste kvar den vinen kom ifrå - men bordsveinarne visste det, dei som hadde aust upp vatnet - so ropa han på brudgomen, og sagde til honom: | When the ruler of the feast had tasted the water that was made wine, and knew not whence it was: (but the servants which drew the water knew;) the governor of the feast called the bridegroom, |
| 10 | «Kvar mann set fyrst fram den gode vinen, og når folk hev vorte drukne, den ringare; du hev gøymt den gode vinen til no!» | And saith unto him, Every man at the beginning doth set forth good wine; and when men have well drunk, then that which is worse: but thou hast kept the good wine until now. |
| 11 | Dette fyrste teiknet sitt gjorde Jesus i Kana i Galilæa, og let sin herlegdom skina fram; og læresveinarne hans trudde på honom. | This beginning of miracles did Jesus in Cana of Galilee, and manifested forth his glory; and his disciples believed on him. |
| 12 | Sidan for han ned til Kapernaum med mor si og brørne og læresveinarne sine, og der vart dei verande nokre få dagar. | After this he went down to Capernaum, he, and his mother, and his brethren, and his disciples: and they continued there not many days. |
| 13 | Det leid til påskehelgi åt jødarne, og Jesus for upp til Jerusalem. | And the Jews’ passover was at hand, and Jesus went up to Jerusalem, |
| 14 | I templet fann han folk som selde uksar og sauer og duvor, og andre som sat og veksla pengar. | And found in the temple those that sold oxen and sheep and doves, and the changers of money sitting: |
| 15 | Då gjorde han seg ei svepa av reimar og dreiv deim alle ut or templet, og sauerne og uksarne med; småpengarne åt vekslarane kasta han utyver, og velte bordi deira, | And when he had made a scourge of small cords, he drove them all out of the temple, and the sheep, and the oxen; and poured out the changers’ money, and overthrew the tables; |
| 16 | og til duvekræmarane sagde han: «Burt med dette! Gjer ikkje huset åt Far min til ei krambud!» | And said unto them that sold doves, Take these things hence; make not my Father’s house an house of merchandise. |
| 17 | Og læresveinarne kom i hug at det stend skrive: «Brennhug for ditt hus kjem til å eta meg upp.» | And his disciples remembered that it was written, The zeal of thine house hath eaten me up. |
| 18 | Då tok jødarne til ords og sagde til honom: «Kva teikn syner du oss, sidan du gjer dette?» | Then answered the Jews and said unto him, What sign shewest thou unto us, seeing that thou doest these things? |
| 19 | Jesus svara: «Riv dette templet ned, og eg skal reisa det upp att på tri dagar!» | Jesus answered and said unto them, Destroy this temple, and in three days I will raise it up. |
| 20 | «I seks og fyrti år hev det vore bygt på dette templet,» sagde dei då, «og du vil reisa det upp att på tri dagar!» | Then said the Jews, Forty and six years was this temple in building, and wilt thou rear it up in three days? |
| 21 | Men det var likams-templet sitt han tala um. | But he spake of the temple of his body. |
| 22 | Då han no hadde stade upp frå dei daude, kom læresveinarne hans i hug at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifti og det ordet Jesus hadde sagt. | When therefore he was risen from the dead, his disciples remembered that he had said this unto them; and they believed the scripture, and the word which Jesus had said. |
| 23 | Medan han var i Jerusalem i påskehelgi, på høgtidi, trudde mange på namnet hans då dei såg dei teikni han gjorde. | Now when he was in Jerusalem at the passover, in the feast day, many believed in his name, when they saw the miracles which he did. |
| 24 | Men sjølv trudde Jesus seg ikkje til deim, av di han kjende alle, | But Jesus did not commit himself unto them, because he knew all men, |
| 25 | og ikkje trong at nokon skulde vitna um noko menneskje; for han visste sjølv kva som budde i det menneskjet. | And needed not that any should testify of man: for he knew what was in man. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL