요한복음 16장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한복음 (John) · 33절
- 1 «Dette hev eg tala til dykk, av di eg vil at de ikkje skal koma til å styggjast.
- 2 Dei kjem til å støyta dykk ut or synagogorne; ja, det kjem ei tid då kvar den som drep dykk, trur at han tener Gud med det,
- 3 og det gjer dei av di dei ikkje kjenner Faderen og ikkje meg heller.
- 4 Men dette hev eg tala til dykk, so de, når den tidi kjem, skal koma i hug eg hev sagt dykk det; eg sagde det ikkje med dykk frå det fyrste, av di eg var hjå dykk.
- 5 Men no gjeng eg til den som hev sendt meg, og ingen av dykk spør meg: «Kvar gjeng du av?»
- 6 men for di eg hev tala dette til dykk, er hjarta dykkar fullt av sorg.
- 7 Men eg segjer dykk som sant er: Det er til bate for dykk at eg gjeng burt. For gjeng eg ikkje burt, kjem målsmannen ikkje til dykk; men gjeng eg burt, so skal eg senda honom til dykk.
- 8 Og når han kjem, skal han yvertyda verdi um synd og um rettferd og um dom.
- 9 Um synd av di dei ikkje trur på meg;
- 10 um rettferd av di eg gjeng til Faderen, og de ikkje ser meg meir;
- 11 um dom av di hovdingen yver denne verdi er dømd.
- 12 Endå hev eg mykje å segja dykk, men de kann ikkje bera det no.
- 13 Men når han kjem, Sannings-Anden, skal han leida dykk fram til heile sanningi; for han skal ikkje tala av seg sjølv, men alt det han høyrer, skal han tala, og det som skal koma, skal han gjera kunnigt for dykk.
- 14 Han skal herleggjera meg; for det er av mitt han tek og lærer dykk.
- 15 Alt det Faderen hev, er mitt; difor sagde eg, at han tek av mitt og lærer dykk.
- 16 Um ei lita stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg.»
- 17 Då sagde nokre av læresveinarne seg imillom: «Kva meiner han med dette som han segjer til oss: «Um ei liti stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg,» og: «Eg gjeng til Faderen?»
- 18 Kva meiner han med det: ei liti stund,» sagde dei; «me veit ikkje kva han talar um.»
- 19 Jesus skyna at dei vilde spyrja honom, og han sagde til deim: «Er det det de dryfter med kvarandre, at eg sagde: «Um ei liti stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg?»
- 20 Det segjer eg dykk for visst og sant: De skal gråta og øya, men verdi skal gleda seg. De skal syrgja, men sorgi dykkar skal vendast til gleda.
- 21 Når ei kona skal eiga barn, er ho sutfull av di timen hennar er komen; men når ho hev fenge barnet, kjem ho ikkje lenger i hug kor vondt ho hev lide, so glad er ho for di eit menneskje er født til verdi.
- 22 Soleis er de og sutfulle no; men eg skal sjå dykk att; då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda dykkar frå dykk.
- 23 Den dagen skal de ikkje spyrja meg um noko. Det segjer eg dykk for visst og sant: Bed de Faderen um noko, so skal han gjeva dykk det i mitt namn.
- 24 Til dessa hev de ikkje bede um noko i mitt namn - bed, so skal de få, so gleda dykkar kann vera fullkomi!
- 25 Dette hev eg tala til dykk i likningar. Det kjem ei tid då eg ikkje skal tala til dykk i likningar lenger, men fortelja dykk ope og endefram um Faderen.
- 26 Den dagen skal de beda i mitt namn, og eg segjer dykk ikkje at eg vil beda Faderen for dykk;
- 27 for Faderen sjølv elskar dykk for di de hev elska meg og trutt at eg hev gjenge ut frå Gud.
- 28 Eg hev gjenge ut frå Faderen og er komen hit til verdi; no fer eg burt frå verdi att og gjeng til Faderen.»
- 29 Segjer so læresveinarne: «Sjå, no talar du endefram, og segjer ingi likning.
- 30 No veit me at du veit alt, og ikkje treng at nokon skal spyrja deg; difor trur me at du er komen frå Gud.»
- 31 «No trur de!» svara Jesus;
- 32 «sjå, det kjem ei stund - ja, ho er alt komi - då de skal spreidast, kvar til sin heim, og lata meg vera att åleine. Men eg er ikkje åleine; far min er med meg.
- 33 Dette hev eg tala til dykk, so de skal hava fred i meg. I verdi hev de trengsel; men ver hugheile! eg hev vunne yver verdi.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗