로그인

요한복음 16장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한복음 (John) · 33절 · 대역: King James Version

절Studentmållagsbibelen frå 1921King James Version
1 «Dette hev eg tala til dykk, av di eg vil at de ikkje skal koma til å styggjast. These things have I spoken unto you, that ye should not be offended.
2 Dei kjem til å støyta dykk ut or synagogorne; ja, det kjem ei tid då kvar den som drep dykk, trur at han tener Gud med det, They shall put you out of the synagogues: yea, the time cometh, that whosoever killeth you will think that he doeth God service.
3 og det gjer dei av di dei ikkje kjenner Faderen og ikkje meg heller. And these things will they do unto you, because they have not known the Father, nor me.
4 Men dette hev eg tala til dykk, so de, når den tidi kjem, skal koma i hug eg hev sagt dykk det; eg sagde det ikkje med dykk frå det fyrste, av di eg var hjå dykk. But these things have I told you, that when the time shall come, ye may remember that I told you of them. And these things I said not unto you at the beginning, because I was with you.
5 Men no gjeng eg til den som hev sendt meg, og ingen av dykk spør meg: «Kvar gjeng du av?» But now I go my way to him that sent me; and none of you asketh me, Whither goest thou?
6 men for di eg hev tala dette til dykk, er hjarta dykkar fullt av sorg. But because I have said these things unto you, sorrow hath filled your heart.
7 Men eg segjer dykk som sant er: Det er til bate for dykk at eg gjeng burt. For gjeng eg ikkje burt, kjem målsmannen ikkje til dykk; men gjeng eg burt, so skal eg senda honom til dykk. Nevertheless I tell you the truth; It is expedient for you that I go away: for if I go not away, the Comforter will not come unto you; but if I depart, I will send him unto you.
8 Og når han kjem, skal han yvertyda verdi um synd og um rettferd og um dom. And when he is come, he will reprove the world of sin, and of righteousness, and of judgment:
9 Um synd av di dei ikkje trur på meg; Of sin, because they believe not on me;
10 um rettferd av di eg gjeng til Faderen, og de ikkje ser meg meir; Of righteousness, because I go to my Father, and ye see me no more;
11 um dom av di hovdingen yver denne verdi er dømd. Of judgment, because the prince of this world is judged.
12 Endå hev eg mykje å segja dykk, men de kann ikkje bera det no. I have yet many things to say unto you, but ye cannot bear them now.
13 Men når han kjem, Sannings-Anden, skal han leida dykk fram til heile sanningi; for han skal ikkje tala av seg sjølv, men alt det han høyrer, skal han tala, og det som skal koma, skal han gjera kunnigt for dykk. Howbeit when he, the Spirit of truth, is come, he will guide you into all truth: for he shall not speak of himself; but whatsoever he shall hear, that shall he speak: and he will shew you things to come.
14 Han skal herleggjera meg; for det er av mitt han tek og lærer dykk. He shall glorify me: for he shall receive of mine, and shall shew it unto you.
15 Alt det Faderen hev, er mitt; difor sagde eg, at han tek av mitt og lærer dykk. All things that the Father hath are mine: therefore said I, that he shall take of mine, and shall shew it unto you.
16 Um ei lita stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg.» A little while, and ye shall not see me: and again, a little while, and ye shall see me, because I go to the Father.
17 Då sagde nokre av læresveinarne seg imillom: «Kva meiner han med dette som han segjer til oss: «Um ei liti stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg,» og: «Eg gjeng til Faderen?» Then said some of his disciples among themselves, What is this that he saith unto us, A little while, and ye shall not see me: and again, a little while, and ye shall see me: and, Because I go to the Father?
18 Kva meiner han med det: ei liti stund,» sagde dei; «me veit ikkje kva han talar um.» They said therefore, What is this that he saith, A little while? we cannot tell what he saith.
19 Jesus skyna at dei vilde spyrja honom, og han sagde til deim: «Er det det de dryfter med kvarandre, at eg sagde: «Um ei liti stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg?» Now Jesus knew that they were desirous to ask him, and said unto them, Do ye enquire among yourselves of that I said, A little while, and ye shall not see me: and again, a little while, and ye shall see me?
20 Det segjer eg dykk for visst og sant: De skal gråta og øya, men verdi skal gleda seg. De skal syrgja, men sorgi dykkar skal vendast til gleda. Verily, verily, I say unto you, That ye shall weep and lament, but the world shall rejoice: and ye shall be sorrowful, but your sorrow shall be turned into joy.
21 Når ei kona skal eiga barn, er ho sutfull av di timen hennar er komen; men når ho hev fenge barnet, kjem ho ikkje lenger i hug kor vondt ho hev lide, so glad er ho for di eit menneskje er født til verdi. A woman when she is in travail hath sorrow, because her hour is come: but as soon as she is delivered of the child, she remembereth no more the anguish, for joy that a man is born into the world.
22 Soleis er de og sutfulle no; men eg skal sjå dykk att; då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda dykkar frå dykk. And ye now therefore have sorrow: but I will see you again, and your heart shall rejoice, and your joy no man taketh from you.
23 Den dagen skal de ikkje spyrja meg um noko. Det segjer eg dykk for visst og sant: Bed de Faderen um noko, so skal han gjeva dykk det i mitt namn. And in that day ye shall ask me nothing. Verily, verily, I say unto you, Whatsoever ye shall ask the Father in my name, he will give it you.
24 Til dessa hev de ikkje bede um noko i mitt namn - bed, so skal de få, so gleda dykkar kann vera fullkomi! Hitherto have ye asked nothing in my name: ask, and ye shall receive, that your joy may be full.
25 Dette hev eg tala til dykk i likningar. Det kjem ei tid då eg ikkje skal tala til dykk i likningar lenger, men fortelja dykk ope og endefram um Faderen. These things have I spoken unto you in proverbs: but the time cometh, when I shall no more speak unto you in proverbs, but I shall shew you plainly of the Father.
26 Den dagen skal de beda i mitt namn, og eg segjer dykk ikkje at eg vil beda Faderen for dykk; At that day ye shall ask in my name: and I say not unto you, that I will pray the Father for you:
27 for Faderen sjølv elskar dykk for di de hev elska meg og trutt at eg hev gjenge ut frå Gud. For the Father himself loveth you, because ye have loved me, and have believed that I came out from God.
28 Eg hev gjenge ut frå Faderen og er komen hit til verdi; no fer eg burt frå verdi att og gjeng til Faderen.» I came forth from the Father, and am come into the world: again, I leave the world, and go to the Father.
29 Segjer so læresveinarne: «Sjå, no talar du endefram, og segjer ingi likning. His disciples said unto him, Lo, now speakest thou plainly, and speakest no proverb.
30 No veit me at du veit alt, og ikkje treng at nokon skal spyrja deg; difor trur me at du er komen frå Gud.» Now are we sure that thou knowest all things, and needest not that any man should ask thee: by this we believe that thou camest forth from God.
31 «No trur de!» svara Jesus; Jesus answered them, Do ye now believe?
32 «sjå, det kjem ei stund - ja, ho er alt komi - då de skal spreidast, kvar til sin heim, og lata meg vera att åleine. Men eg er ikkje åleine; far min er med meg. Behold, the hour cometh, yea, is now come, that ye shall be scattered, every man to his own, and shall leave me alone: and yet I am not alone, because the Father is with me.
33 Dette hev eg tala til dykk, so de skal hava fred i meg. I verdi hev de trengsel; men ver hugheile! eg hev vunne yver verdi.» These things I have spoken unto you, that in me ye might have peace. In the world ye shall have tribulation: but be of good cheer; I have overcome the world.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL