요한복음 15장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한복음 (John) · 27절
- 1 «Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen.
- 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han burt, og kvar som ber frukt, reinskar han, so ho skal bera meir frukt.
- 3 De er alt reine for skuld ordet som eg hev tala til dykk.
- 4 Ver i meg, so er eg i dykk! Som greini ikkje kann bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, so kann ikkje de heller, utan de er i meg.
- 5 Eg er vintreet, de er greinerne. Den som er i meg og eg i honom, han ber mykje frukt; for utan meg kann de ingen ting gjera.
- 6 Um nokon ikkje vert verande i meg, vert han kasta ut som ei grein, og visnar; folk sankar deim i hop og kastar deim på elden, og dei brenn.
- 7 Vert de verande i meg, og vert ordi mine verande i dykk, so bed um kva de vil, og de skal få det!
- 8 På den måten vert far min herleggjord, at de ber mykje frukt, og de vert mine læresveinar.
- 9 Som Faderen hev elska meg, so hev eg elska dykk; ver i min kjærleik!
- 10 Held de bodi mine, so er de i min kjærleik, liksom eg hev halde bodi åt far min, og er i hans kjærleik.
- 11 Dette hev eg tala til dykk so mi gleda kann vera i dykk, og dykkar gleda kann verta fullkomi.
- 12 Det er bodet mitt, at de skal elska kvarandre, som eg hev elska dykk.
- 13 Ingen hev større kjærleik enn at han gjev livet sitt for venerne sine.
- 14 De er venerne mine, so sant de gjer det eg segjer til dykk.
- 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger; for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer, men dykk kallar eg vener, for alt eg hev høyrt av far min, hev eg sagt med dykk.
- 16 De hev ikkje valt ut meg, men eg hev valt ut dykk, og sett dykk til å ganga ut og bera frukt - frukt som varer ved, so Faderen kann gjeva dykk alt de bed um i mitt namn.
- 17 Det er det eg legg dykk på hjarta, at de skal elska kvarandre.
- 18 Um verdi hatar dykk, so må de vita at ho hev hata meg fyre dykk.
- 19 Var de av verdi, so vilde verdi elska sitt eige. Men for di de ikkje er av verdi, men eg hev valt dykk ut or verdi, difor hatar verdi dykk.
- 20 Kom i hug det ordet eg sagde dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin; hev dei forfylgt meg, vil dei forfylgja dykk og; hev dei halde seg etter mitt ord, vil dei halda seg etter dykkar ord og.
- 21 Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, av di dei ikkje kjenner den som sende meg.
- 22 Var eg ikkje komen og hadde tala til deim, so hadde dei ikkje synd; men no hev dei ingen ting å orsaka syndi si med.
- 23 Den som hatar meg, hatar og far min.
- 24 Hadde eg ’kje gjort slike verk bland deim som ingen annan hev gjort, so hadde dei ikkje synd; men no hev dei set deim, og like vel hatar dei både meg og far min.
- 25 Men det er av di det laut sannast det ordet som er skrive i lovi deira: «Utan orsak hata dei meg.»
- 26 Når målsmannen kjem, han som eg vilde senda dykk frå Faderen, Sannings-Anden, som gjeng ut frå Faderen, so skal han vitna um meg.
- 27 Men de og skal vitna; for de hev vore med meg frå det fyrste.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗