요한복음 13장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한복음 (John) · 38절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Det var straks fyre påskehøgtidi: Jesus visste at hans time var komen då han skulde fara burt frå denne verdi og heim til Faderen, og som han hadde elska sine eigne, som var i verdi, so elska han deim til enden. | Now before the feast of the passover, when Jesus knew that his hour was come that he should depart out of this world unto the Father, having loved his own which were in the world, he loved them unto the end. |
| 2 | Då dei heldt kveldverd, og djevelen alt hadde skote det i hugen på Judas Simonsson Iskariot at han skulde svika honom, | And supper being ended, the devil having now put into the heart of Judas Iscariot, Simon’s son, to betray him; |
| 3 | og då Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hender, og at han var komen frå Gud og gjekk til Gud, | Jesus knowing that the Father had given all things into his hands, and that he was come from God, and went to God; |
| 4 | so reiser han seg frå bordet og legg av seg kjolen sin, og tek eit handklæde og batt um seg; | He riseth from supper, and laid aside his garments; and took a towel, and girded himself. |
| 5 | so slær han vatn i vaskarfatet og tok til å två føterne åt læresveinarne og turka dei med handklædet som han hadde bunde kring livet. | After that he poureth water into a bason, and began to wash the disciples’ feet, and to wipe them with the towel wherewith he was girded. |
| 6 | Han kjem då til Simon Peter, og han segjer til honom: «Herre, tvær du mine føter?» | Then cometh he to Simon Peter: and Peter saith unto him, Lord, dost thou wash my feet? |
| 7 | Jesus svara honom so: «Kva det er eg gjer, veit du ikkje no, men du skal skyna det sidan.» | Jesus answered and said unto him, What I do thou knowest not now; but thou shalt know hereafter. |
| 8 | «Aldri i verdi skal du två mine føter,» segjer Peter. «Dersom eg ikkje tvær deg, hev du ingen ting i hop med meg,» svara Jesus. | Peter saith unto him, Thou shalt never wash my feet. Jesus answered him, If I wash thee not, thou hast no part with me. |
| 9 | Simon Peter segjer til honom: «Herre, ikkje berre føterne, men henderne og hovudet med!» | Simon Peter saith unto him, Lord, not my feet only, but also my hands and my head. |
| 10 | «Den som hev lauga seg, treng ikkje två anna enn føterne; elles er han heiltupp rein,» segjer Jesus; «og de er reine, men ikkje alle.» | Jesus saith to him, He that is washed needeth not save to wash his feet, but is clean every whit: and ye are clean, but not all. |
| 11 | Han visste kven som skulde svika honom; difor var det han sagde: «De er ’kje reine alle.» | For he knew who should betray him; therefore said he, Ye are not all clean. |
| 12 | Då han no hadde tvege føterne deira og teke på seg kjolen sin og sett seg til bords att, sagde han til deim: «Skynar de kva det er eg hev gjort med dykk? | So after he had washed their feet, and had taken his garments, and was set down again, he said unto them, Know ye what I have done to you? |
| 13 | De kallar meg «Meister» og «Herre,» og det segjer sant; for det er eg. | Ye call me Master and Lord: and ye say well; for so I am. |
| 14 | Hev no eg, herren og meisteren, tvege føterne dykkar, so lyt de og två føterne åt kvarandre. | If I then, your Lord and Master, have washed your feet; ye also ought to wash one another’s feet. |
| 15 | Det er eit mynster eg hev synt dykk; som eg gjorde med dykk, so skal de og gjera. | For I have given you an example, that ye should do as I have done to you. |
| 16 | Det segjer eg dykk for visst og sant: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein ærendsvein er ikkje større enn den som hev sendt honom. | Verily, verily, I say unto you, The servant is not greater than his lord; neither he that is sent greater than he that sent him. |
| 17 | Veit de det, so er de sæle, so sant de gjer etter det. | If ye know these things, happy are ye if ye do them. |
| 18 | Eg talar ikkje um dykk alle; eg veit kven eg valde ut; men det var so Skrifti skulde sannast: «Den som et mitt brød, hev lyft sin hæl imot meg.» | I speak not of you all: I know whom I have chosen: but that the scripture may be fulfilled, He that eateth bread with me hath lifted up his heel against me. |
| 19 | Eg segjer dykk det alt no, fyrr det hev hendt, so de, når det hender, skal tru at eg er den eg er. | Now I tell you before it come, that, when it is come to pass, ye may believe that I am he. |
| 20 | Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot den som sende meg.» | Verily, verily, I say unto you, He that receiveth whomsoever I send receiveth me; and he that receiveth me receiveth him that sent me. |
| 21 | Då Jesus hadde sagt det, vart han uppøst i åndi, og sagde sterkt og ålvorsamt: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Ein av dykk kjem til å svika meg!» | When Jesus had thus said, he was troubled in spirit, and testified, and said, Verily, verily, I say unto you, that one of you shall betray me. |
| 22 | Læresveinarne såg på kvarandre og kunde ikkje skyna kven det var han meinte. | Then the disciples looked one on another, doubting of whom he spake. |
| 23 | Ein av læresveinarne - den som Jesus elska - sat ved hans høgre sida. | Now there was leaning on Jesus’ bosom one of his disciples, whom Jesus loved. |
| 24 | Honom gjer Simon Peter eit teikn til, og segjer til honom: «Seg kven det er han meiner!» | Simon Peter therefore beckoned to him, that he should ask who it should be of whom he spake. |
| 25 | Han bøygde seg då næmare innåt Jesus, og segjer til honom: «Herre, kven er det?» | He then lying on Jesus’ breast saith unto him, Lord, who is it? |
| 26 | «Det er han som eg gjev den biten eg no duppar i fatet,» svara Jesus. So duppar han biten, og tek og gjev honom til Judas Simonsson Iskariot. | Jesus answered, He it is, to whom I shall give a sop, when I have dipped it. And when he had dipped the sop, he gave it to Judas Iscariot, the son of Simon. |
| 27 | Og då han hadde fenge biten, då for Satan i honom. So segjer Jesus til honom: «Gjer det snart, det du vil gjera!» | And after the sop Satan entered into him. Then said Jesus unto him, That thou doest, do quickly. |
| 28 | Men ingen av deim som sat med til bords, skyna kva han meinte med det han sagde til honom. | Now no man at the table knew for what intent he spake this unto him. |
| 29 | Sidan det var Judas som hadde kassa, tenkte sume at Jesus vilde segja som so: «Kjøp det me treng til høgtidi!» eller at han skulde gjeva noko til dei fatige. | For some of them thought, because Judas had the bag, that Jesus had said unto him, Buy those things that we have need of against the feast; or, that he should give something to the poor. |
| 30 | Med det same Judas hadde teke mot biten, gjekk han ut. Det var natt. | He then having received the sop went immediately out: and it was night. |
| 31 | Då han var gjengen, sagde Jesus: «No er Menneskjesonen herleggjord, og Gud er herleggjord i honom. | Therefore, when he was gone out, Jesus said, Now is the Son of man glorified, and God is glorified in him. |
| 32 | Er Gud herleggjord i honom, so skal Gud og herleggjera honom i seg sjølv, og han skal herleggjera honom snart. | If God be glorified in him, God shall also glorify him in himself, and shall straightway glorify him. |
| 33 | Berre ei liti stund er eg endå hjå dykk, borni mine. De kjem til å leita etter meg, og som eg sagde til jødarne: «Dit eg gjeng, kann ikkje de koma,» so segjer eg no til dykk og. | Little children, yet a little while I am with you. Ye shall seek me: and as I said unto the Jews, Whither I go, ye cannot come; so now I say to you. |
| 34 | Eit nytt bod gjev eg dykk: at de skal elska kvarandre; liksom eg hev elska dykk, so skal de og elska kvarandre. | A new commandment I give unto you, That ye love one another; as I have loved you, that ye also love one another. |
| 35 | På det skal alle skyna at de er mine læresveinar - på det at de hev kjærleik til kvarandre.» | By this shall all men know that ye are my disciples, if ye have love one to another. |
| 36 | Simon Peter segjer til honom: «Herre, kvar gjeng du av?» Jesus svara: «Dit eg gjeng, kann du ikkje fylgja meg no, men du skal fylgja meg sidan.» | Simon Peter said unto him, Lord, whither goest thou? Jesus answered him, Whither I go, thou canst not follow me now; but thou shalt follow me afterwards. |
| 37 | «Kvi kann eg ikkje fylgja deg straks, Herre?» segjer Peter; «eg vil gjeva mitt liv for deg!» | Peter said unto him, Lord, why cannot I follow thee now? I will lay down my life for thy sake. |
| 38 | «Vil du gjeva ditt liv for meg?» svara Jesus; «det segjer eg deg for visst og sant: Hanen skal ikkje gala fyrr du hev avneitta meg tri gonger.» | Jesus answered him, Wilt thou lay down thy life for my sake? Verily, verily, I say unto thee, The cock shall not crow, till thou hast denied me thrice. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL