요나 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요나 (Jonah) · 10절
- 1 Men Herren sende ein stor fisk, som gløypte Jona; og Jona var i buken åt fisken i tri dagar og tri næter.
- 2 Og Jona bad til Herren, sin Gud, frå buken åt fisken;
- 3 han sagde: «Eg ropa til Herren i mi naud, og han svara meg. Frå helheims buk ropa eg, og du høyrde mi røyst.
- 4 Du kasta meg i djupet, midt i havet, og straumar kringsette meg, alle dine bylgjor og brot gjekk yver meg.
- 5 Eg tenkte då: «Burt frå dine augo er eg støytt. Like vel, ditt heilage tempel skal eg atter få sjå.»
- 6 Vatni kringa seg um meg like til sjæli. Djupet kringsette meg; tang sveipte seg um hovudet mitt.
- 7 Like til bergbotnarne sokk eg ned. Slåerne til jordi stengdest bak meg for alltid. Men du førde mitt liv upp or gravi, Herre, min Gud!
- 8 Då mi sjæl ormegtast i meg, kom eg Herren i hug, og mi bøn kom til deg i ditt heilage tempel.
- 9 Dei som tek vare på tome avgudar, gjeng frå si miskunn.
- 10 Men med lovsongs tonar vil eg ofra til deg, det eg lova, vil eg halda. Hjå Herren er frelsa!» Då baud Herren fisken, og han spydde Jona upp på land.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗