요나 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요나 (Jonah) · 10절
- 1 Då kom Herrens ord til Jonas andre gongen; han sagde:
- 2 «Statt upp og gakk til Nineve, den store byen, og ropa ut yver honom dei ordi eg vil tala til deg!»
- 3 Og Jona stod upp og gjekk til Nineve, som Herren hadde sagt. Nineve var ein stor by for Gud, tri dagsleider lang.
- 4 Og Jona gjekk ei dagslei inn i byen og ropa og sagde: «Um fyrti dagar skal Nineve verta lagd i grus.»
- 5 Då trudde ninevitarne på Gud, lyste ut ei fasta og klædde seg i sekk både store og små.
- 6 Då saki kom for kongen i Nineve, reiste han seg frå sin kongsstol, lagde kappa av seg og sveipte seg i sekk og sette seg i oska.
- 7 Han let ropa ut i Nineve og segja: «Etter bod frå kongen og hans stormenner må korkje menneskje eller dyr, storfe eller småfe, smaka noko, beita eller drikka vatn.
- 8 Men dei skal sveipa seg i sekk, menneski med dyri, og ropa til Gud av all kraft og umvenda seg, kvar frå sin vonde veg og frå den urett som er i deira hender.
- 9 Kven veit? Gud kunde då venda um og angra det, venda um frå den brennande vreide sin, so me ikkje gjeng under.»
- 10 Då no Gud såg det dei gjorde, at dei vende um frå sin vonde veg, angra han det vonde han hadde sagt han vilde gjera mot deim, og han gjorde det ikkje.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗