예레미야애가 5장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 예레미야애가 (Lamentations) · 22절
- 1 Kom i hug, Herre, kor det er med oss! Skoda etter og sjå, kor me er svivyrde!
- 2 Vår arv er komen åt framande, våre hus åt utlendske menner.
- 3 Farlause er me vortne, hev ikkje far. Møderne våre er som enkjor.
- 4 Me lyt kjøpa det vatnet me drikk, vår ved lyt me betala.
- 5 Våre forfylgjarar hev me på halsen; me er trøytte, fær ikkje kvild.
- 6 Til Egyptarland rette me hand, til Assyria, vilde mettast med brød.
- 7 Våre feder synda, dei er burte, me lyt bera deira misgjerningar.
- 8 Trælar er våre herrar, og ingen riv oss ut or deira hand.
- 9 Me søkjer vårt brød med livsens fåre for sverdet i øydemark.
- 10 Vår hud er glodheit som omnen, for svolten som gneg og brenn.
- 11 Kvende hev i Sion dei skjemt, møyar i byarne i Juda.
- 12 Hovdingar hengde dei med si hand, gamle viste dei ikkje vyrdnad.
- 13 Ungmenne laut bera kverni, og gutar seig ned med vedbyrdi på.
- 14 Dei gamle sit ikkje lenger i porten, dei unge ikkje meir med sitt strengespel.
- 15 Det er slutt med vår hjartans gleda, vår dans er umsnudd til sorg.
- 16 Kransen er fallen av vårt hovud; usæle me, at me hev synda!
- 17 Difor er hjarta vårt sjukt, di so er augo våre dimme -
- 18 for Sions fjell som ligg audt, der renner no revar ikring.
- 19 Du, Herre, sit æveleg konge, frå ætt til ætt stend din kongsstol.
- 20 Kvi vil du oss æveleg gløyma, ganga frå oss dagarne lange?
- 21 Vend oss, Herre, til deg, so kjem me; nya upp att våre dagar frå gamalt!
- 22 For du kann vel ikkje reint ha støytt oss burt, vera so ovleg harm på oss.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗