예레미야애가 5장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 예레미야애가 (Lamentations) · 22절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Kom i hug, Herre, kor det er med oss! Skoda etter og sjå, kor me er svivyrde! | Remember, O Lord, what is come upon us: consider, and behold our reproach. |
| 2 | Vår arv er komen åt framande, våre hus åt utlendske menner. | Our inheritance is turned to strangers, our houses to aliens. |
| 3 | Farlause er me vortne, hev ikkje far. Møderne våre er som enkjor. | We are orphans and fatherless, our mothers are as widows. |
| 4 | Me lyt kjøpa det vatnet me drikk, vår ved lyt me betala. | We have drunken our water for money; our wood is sold unto us. |
| 5 | Våre forfylgjarar hev me på halsen; me er trøytte, fær ikkje kvild. | Our necks are under persecution: we labour, and have no rest. |
| 6 | Til Egyptarland rette me hand, til Assyria, vilde mettast med brød. | We have given the hand to the Egyptians, and to the Assyrians, to be satisfied with bread. |
| 7 | Våre feder synda, dei er burte, me lyt bera deira misgjerningar. | Our fathers have sinned, and are not; and we have borne their iniquities. |
| 8 | Trælar er våre herrar, og ingen riv oss ut or deira hand. | Servants have ruled over us: there is none that doth deliver us out of their hand. |
| 9 | Me søkjer vårt brød med livsens fåre for sverdet i øydemark. | We gat our bread with the peril of our lives because of the sword of the wilderness. |
| 10 | Vår hud er glodheit som omnen, for svolten som gneg og brenn. | Our skin was black like an oven because of the terrible famine. |
| 11 | Kvende hev i Sion dei skjemt, møyar i byarne i Juda. | They ravished the women in Zion, and the maids in the cities of Judah. |
| 12 | Hovdingar hengde dei med si hand, gamle viste dei ikkje vyrdnad. | Princes are hanged up by their hand: the faces of elders were not honoured. |
| 13 | Ungmenne laut bera kverni, og gutar seig ned med vedbyrdi på. | They took the young men to grind, and the children fell under the wood. |
| 14 | Dei gamle sit ikkje lenger i porten, dei unge ikkje meir med sitt strengespel. | The elders have ceased from the gate, the young men from their musick. |
| 15 | Det er slutt med vår hjartans gleda, vår dans er umsnudd til sorg. | The joy of our heart is ceased; our dance is turned into mourning. |
| 16 | Kransen er fallen av vårt hovud; usæle me, at me hev synda! | The crown is fallen from our head: woe unto us, that we have sinned! |
| 17 | Difor er hjarta vårt sjukt, di so er augo våre dimme - | For this our heart is faint; for these things our eyes are dim. |
| 18 | for Sions fjell som ligg audt, der renner no revar ikring. | Because of the mountain of Zion, which is desolate, the foxes walk upon it. |
| 19 | Du, Herre, sit æveleg konge, frå ætt til ætt stend din kongsstol. | Thou, O Lord, remainest for ever; thy throne from generation to generation. |
| 20 | Kvi vil du oss æveleg gløyma, ganga frå oss dagarne lange? | Wherefore dost thou forget us for ever, and forsake us so long time? |
| 21 | Vend oss, Herre, til deg, so kjem me; nya upp att våre dagar frå gamalt! | Turn thou us unto thee, O Lord, and we shall be turned; renew our days as of old. |
| 22 | For du kann vel ikkje reint ha støytt oss burt, vera so ovleg harm på oss. | But thou hast utterly rejected us; thou art very wroth against us. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL