여호수아 18장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 여호수아 (Joshua) · 28절
- 1 So kom heile Israels-lyden saman i Silo, og der sette dei upp møtetjeldet; for no var landet vunne, og låg ope for deim.
- 2 Men endå var det att sju av Israels-ætterne som ikkje hadde skift odelsjordi si.
- 3 Då sagde Josva til Israels-sønerne: Kor lenge vil de drygja fyrr de kjem og eignar til dykk det landet som Herren, dykkar fedregud, hev gjeve dykk?
- 4 Kom med tri mann av kvar ætt, som eg kann senda i veg, so skal dei stella seg til, og fara kring i landet og skriva upp alt det dei ser, so me kann vita kor mykje der er å skifta; sidan skal dei koma attende til meg.
- 5 So skal de byta landet i sju luter og skifta deim millom dykk! Juda-sønerne skal verta verande i det landet dei hev fenge der sud, og Josefs-ætterne i sitt land her nord;
- 6 men de skal skriva upp alt som er i landet, i sju bolkar, og koma hit til meg med uppskrifti, so skal eg draga strå for dykk her, framfor Herrens, vår Guds, åsyn.
- 7 For levitarne fær ingen lut millom dykk; Herrens prestedøme skal vera deira arvlut. Og Gad og Ruben og den eine helvti av Manasse-ætti hev fenge sitt land austanfor Jordan, det landet som Moses, Herrens tenar, gav deim.
- 8 So gjorde mennerne seg reiduge til å fara, og då dei tok ut, sagde Josva med deim at dei skulde skriva upp alt dei såg i landet. «Tak i vegen,» sagde han, «og far kring i landet, og skriv upp alt, og kom attende til meg, so skal eg draga strå for dykk framfor Herrens åsyn her i Silo.»
- 9 Dermed tok mennerne av stad og for kring i landet, og skreiv upp bygd for bygd i ei bok, i sju bolkar. So kom dei attende til Josva, til Silo-lægret,
- 10 og Josva drog strå for deim, framfor Herrens åsyn; der, i Silo, skifte han landet millom Israels-ætterne, etter som dei hadde folk til.
- 11 Den fyrste luten fall på Benjamins-sønerne og ættgreinerne deira; det landet dei fekk, kom til å liggja millom Juda-sønerne og Josefs-sønerne.
- 12 Fylkesdeilet gjekk på nordsida upp frå Jordan og nordum Jerikoåsen og stemnde so vestetter upp på fjellet og fram til Bet-Avenheidi.
- 13 Derifrå tok det burtyver til Luz, sunnanfor Luzåsen, der Betel ligg, og gjekk so ned til Atrot-Addar, og upp på det fjellet som ligg sunnanfor Nedre Bet-Horon.
- 14 So gjorde skiftelina ein sving, og vende seg, på vestsida, sudetter frå det fjellet som ligg beint sunnanfor Bet-Horon, til ho enda innmed Kirjat-Ba’al, ein by som høyrde Juda-sønerne til; no heiter han Kirjat-Jearim. Dette var vestsida.
- 15 På sudsida gjekk fylkesdeilet frå enden av Kirjat-Jearim - der var det skiftelina tok til i vest - og fram til Me-Neftoahkjelda.
- 16 So gjekk skiftelina ned til foten av fjellet som ligg austanfor Hinnomssonsdalen, nordanfor Kjempesletta, tok so ned Hinnomsdalen til sudsida av Jebusitaråsen og ned til En-Rogel.
- 17 Sidan svinga ho mot nord og gjekk fram til En-Semes og til dei steinkrinsarne som ligg midt for Adummimkleivi, og tok so ned til Bohan-Rubensson-steinen.
- 18 Der tok ho yver til den åsen som ligg rett i nord for Araba, og so ned til Araba.
- 19 Sidan heldt ho fram til nordsida av Bet-Hoglaåsen, og enda i den nørdste viki av Saltsjøen, attmed Jordanosen. Dette var fylkesdeilet i sud.
- 20 På austsida var det Jordan som var deile. Dette var odelsjordi åt Benjamins-sønerne og ættgreinerne deira, med fylkesdeilderne rundt ikring.
- 21 Byarne som Benjamins-ætti og greinerne hennar var: Jeriko og Bet-Hogla og Emek-Kesis
- 22 og Bet-ha-Araba og Semarajim og Betel
- 23 og Avvim og Happara og Ofra
- 24 og Kefar-ha-Ammoni og Ofni og Geba, tolv byar med grenderne ikring;
- 25 Gibeon og Rama og Be’erot
- 26 og Mispe og Kefira og Hammosa
- 27 og Rekem og Jirpe’el og Tarala
- 28 og Sela, Elef og Jebus, som no heiter Jerusalem, og Gibat og Kirjat, fjortan byar, med grenderne ikring. Dette var landet åt Benjamins-sønerne og ættgreinerne deira.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗