여호수아 17장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 여호수아 (Joshua) · 18절
- 1 So fekk Manasse-ætti sin lut; for Manasse var eldste son åt Josef. Makir, eldste son åt Manasse og far åt Gilead, var ein gjæv stridsmann; difor fekk han Gilead og Basanlandet.
- 2 Dei andre Manasse-sønerne fekk og land, kvar ættgrein for seg: borni åt Abiezer og sønerne åt Helek og borni åt Asriel og sønerne åt Sekem og sønerne åt Hefer og sønerne åt Semida; det var borni åt Manasse, son åt Josef, og ættgreinerne deira på mannssida.
- 3 Men Selofhad, son åt Hefer, som var son åt Gilead og soneson åt Makir, son åt Manasse, hadde ingi søner, berre døtter; og døtterne heitte Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa.
- 4 Dei gjekk fram for Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og hovdingarne, og tala so: «Herren sagde til Moses at han skulde gjeva oss odelsjord tilliks med frendarne våre.» So fekk dei odelsjord tilliks med farbrørne sine, soleis som Herren hadde sagt.
- 5 Det var ti partar som fall på Manasse, umfram Gilead- og Basanlandet austanfor Jordan;
- 6 for døtterne åt Manasse fekk odel tilliks med sønerne hans. Men Gileadlandet hadde dei andre Manasse-ætterne fenge.
- 7 Fylkesdeilet åt Manasse gjekk frå Aser til Mikmetat, som ligg midt for Sikem; so tok bytestrengen til høgre til En-Tappuahgrenderne.
- 8 Manasse fekk Tappuahbygdi; men Efraims-sønerne fekk byen; han låg tett innåt Manasseskiftet.
- 9 So gjekk fylkesdeilet ned til Kanabekken, på sudsida av bekken; men byarne der høyrde Efraim til, endå dei låg millom Manassebyarne. Sidan gjekk fylkesdeilet åt Manasse på nordsida av bekken, til det enda utmed havet;
- 10 Efraim fekk det som var sunnanfor, og Manasse det som var nordanfor. So var havet grensa, og sidan skifte dei med Aser i nord og med Issakar i aust.
- 11 I Issakarsfylket og i Asersfylket fekk Manasse Bet-Sean med bygderne ikring, og Jibleam med bygderne ikring, og Dor med grender og bygder, og En-Dor med grender og bygder, og Ta’anak med grender og bygder, og Megiddo med grender og bygder, alt som låg under dei tri høgderne.
- 12 Men Manasse-sønerne vann ikkje taka desse byarne, og kananitarne fekk tak til å halda seg der i landet.
- 13 Då Israels-sønerne vart sterkare, nøydde dei kananitarne til å træla for seg, men dreiv deim ut gjorde dei ikkje.
- 14 Josefs-sønerne kom til Josva og sagde: «Kvi hev du gjeve oss berre ein lut til odel og eiga? Me er då eit mannsterkt folk, etter di Herren til dessa hev velsigna oss.»
- 15 «Er de so fjølmente,» sagde Josva, «so gakk upp i skogen, og ryd dykk jord der i Perizit- og Refaitlandet, sidan Efraimsheidi er for trong for dykk.»
- 16 «Heidi rekk ikkje til for oss,» svara Josef-sønerne, «og alle kananitarne som bur i dalbygderne, hev jarnvogner, både dei i Bet-Sean og grenderne der ikring, og dei på Jizre’elsletta.»
- 17 Då sagde Josva til Josefs-ætti, Efraim og Manasse: «Mykje folk hev du, og sterk er du! Du skal få meir enn ein lut.
- 18 Men det er ei fjellbygd du fær; det er skog der, og den lyt du hogga, og landet skal vera ditt til ytste endarne; for kananitarne skal du driva ut, endå dei hev jarnvogner, og endå dei er sterke.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗