로그인

여호수아 19장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 여호수아 (Joshua) · 51절

  1. 1 Den andre luten fall på Simeon, på Simeons-sønerne og ættgreinerne deira. Det landet dei fekk, låg midt i Judafylket.
  2. 2 Til Simeonsfylket høyrde Be’erseba og Seba og Molada
  3. 3 og Hasar-Sual og Bala og Esem
  4. 4 og Eltolad og Betul og Horma
  5. 5 og Siklag og Bet-Hammarkabot og Hasar-Susa
  6. 6 og Bet-Leabot og Saruhen - trettan byar med grenderne som høyrde til;
  7. 7 Ajin, Rimmon og Eter og Asan, fire byar, med grenderne som høyrde til,
  8. 8 og alle bygderne som låg ikring desse byarne, alt til Ba’alat-Be’er, eller Rama, i Sudlandet. Dette var odelsjordi åt Simeons-ætti og greinerne hennar.
  9. 9 Dei fekk odelseiga si i det landet som var mælt ut til Juda-sønerne. Den luten som fall på Juda-sønerne, vart for stor åt deim; difor var det at Simeons-sønerne fekk landet sitt midt i deira land.
  10. 10 Den tridje luten fall på Sebulons-sønerne og ættgreinerne deira. Det landet dei fekk, rakk til Sarid.
  11. 11 Fylkesdeilet gjekk i vest upp til Marala, gjekk frammed Dabbeset og nådde den bekken som renn austanfor Jokneam.
  12. 12 I aust, der soli kjem upp, vende det seg frå Sarid burt imot Kislot-Taborbygdi, heldt fram til Daberat og gjekk upp til Jafia.
  13. 13 Derifrå tok det, på solsida, austsida, yver til Gat-Hefer og Et-Kasin, heldt fram til Rimmon og svinga burt til Nea.
  14. 14 So vende deilet seg nordetter til Hannaton og enda i Jiftaheldalen.
  15. 15 I Sebulonsfylket låg og Kattat og Nahalal og Simron og Jidala og Betlehem; i alt var der tolv byar med grender ikring.
  16. 16 Dette var det landet Sebulons-sønerne og ættgreinerne deira fekk til odel og eiga med byar og bygdar.
  17. 17 Issakar var det som fekk den fjorde luten, Issakars-sønerne og ættgreinerne deira.
  18. 18 I landet deira låg Jisre’ela og Kesullot og Sunem
  19. 19 og Hafarajim og Sion og Anaharat
  20. 20 og Rabbit og Kisjon og Ebes
  21. 21 og Remet og En-Gannim og En-Hadda og Bet-Passes.
  22. 22 Fylkesdeilet snart innåt Tabor og Sahasuma og Bet-Semes, og enda i Jordan. I alt var der sekstan byar med grender ikring.
  23. 23 Dette var det landet som Issakars-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga, med byar og bygder.
  24. 24 Den femte luten fall på Assers-ætti og greinerne hennar.
  25. 25 I deira land låg Helkat og Hali og Beten og Aksaf
  26. 26 og Allammelek og Amad og Misal. Fylkesdeilet nådde i vest til Karmel og Libnatåi;
  27. 27 i aust tok det leidi til Bet-Dagon og gjekk so nordetter frammed Sebulonsfylket og Jiftaheldalen til Bet-ha-Emek og Ne’iel; sidan heldt det fram på vinstre hand til Kabul
  28. 28 og Ebron og Rehob og Hammon og Kana, alt burt til Stor-Sidon.
  29. 29 So vende deilet seg mot Rama, og heldt fram til Tyrusborgi; der ifrå tok det leidi til Hos, og gjekk ut i havet ikkje langt frå Akzib.
  30. 30 Umma og Afek og Rehob låg og i dette fylket. I alt var der tvo og tjuge byar med grender ikring.
  31. 31 Dette var det landet som Assers-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga, med byar og bygder.
  32. 32 På Naftali-sønerne fall den sette luten, på Naftali-sønerne og ættgreinerne deira.
  33. 33 Fylkesdeilet deira gjekk frå Helef, frå Besa’annim-eiki, um Adami-Hannekeb og Jabne’el, heldt fram til Lakkum, og gjekk ut i Jordan.
  34. 34 So vende deilet seg vestetter til Aznot-Tabor, og heldt fram til Hukkok. I sud skifte dei med Sebulon, og i vest med Asser; i aust fylgde skiftelina Jordan.
  35. 35 Av faste byar var der: Siddim, Ser og Hammat, Rakkat og Kinneret
  36. 36 og Adama og Rama og Hasor
  37. 37 og Kedes og Edre’i og En-Hasor
  38. 38 og Jiron og Migdal-El, Horem og Bet-Anat og Bet-Semes. I alt var der nittan byar med grender ikring.
  39. 39 Dette var det landet Naftali-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga med byar og bygder.
  40. 40 På Dans-ætti og greinerne hennar fall den sjuande luten.
  41. 41 I deira fylkesland låg Sora og Estaol og Ir-Semes
  42. 42 og Sa’alabbin og Ajjalon og Jitla
  43. 43 og Elon og Timnata og Ekron
  44. 44 og Elteke og Gibbeton og Ba’alat
  45. 45 og Jehud og Bene-Berak og Gat-Rimmon
  46. 46 og Me-Hajarkon og Rakkon og bygderne burtmed Joppe.
  47. 47 Men Danseiga rakk vidare enn so: Dans-sønerne for nordetter, og tok på Lesem-buarne; dei vann landet deira, og øydde det med odd og egg; sidan lagde dei det under seg og vart buande der; og i staden for Lesem kalla dei bygdi Dan etter ættefaren sin.
  48. 48 Dette var det landet Dans-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga med byar og bygder.
  49. 49 Då Israels-sønerne vel hadde skift ut heile Kana’ans-landet, so vidt som det var, let dei Josva Nunsson få ei odelseiga millom seg;
  50. 50 dei gav honom, etter Herrens bod, den byen han bad um, Timnat-Serah på Efraimsfjellet; og han bygde upp byen, og busette seg der.
  51. 51 Dette var dei odelseigorne som Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og hovdingarne yver Israels ætter og ættgreiner luta ut i Silo, for Herrens åsyn i møtetjelddøri. Dermed var dei ferdige med å skifta ut landet.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗