여호수아 16장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 여호수아 (Joshua) · 10절
- 1 Den landsluten som fall på Josefs-sønerne, tok til aust med Jordanåi, der ho renn frammed Jeriko, og gjekk um Jerikokjelda gjenom øydemarki som stig frå Jeriko uppyver fjellet til Betel.
- 2 Frå Betel heldt bytestrengen fram til Luz, og gjekk so burtyver til Arkiteigni, til Atarot;
- 3 der tok han vestetter ned til Jafletiteigni, heldt fram til Nedre Bet-Horoneigni og Gezer, og enda utmed havet.
- 4 Dette var det landet som Josefs-borni, Manasse og Efraim, fekk til odel og eiga.
- 5 Landet åt Efraims-sønerne og ættgreinerne deira låg soleis til: Fylkesdeilet gjekk på austkanten frammed Atrot-Addar, tok burtetter til Øvre Bet-Horon,
- 6 og enda utmed havet. På nordsida gjekk fylkesdeilet frammed Mikmetat og vende seg austetter til Ta’anat-Silo; sidan heldt bytestrengen fram i aust til Janoah,
- 7 og tok frå Janoah ned til Atarot og Na’ara, snart innåt Jeriko, og gjekk ut i Jordan.
- 8 Frå Tappuah gjekk fylkesdeilet vestetter til Kanabekken, og enda utmed havet. Dette var odelseiga åt Efraims-sønerne og ættgreinerne deira,
- 9 og attåt det dei byarne som vart utskilde åt Efraims-sønerne i Manassefylket, både byarne og grenderne som låg ikring.
- 10 Men Efraims-sønerne dreiv ikkje ut dei kananitarne som budde i Gezer; Kananitarne vart buande i Efraimsfylket, som dei gjer den dag i dag, men laut gjera trælearbeid.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗