에베소서 5장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 에베소서 (Ephesians) · 33절
- 1 Vert difor Guds etterfylgjarar som hans kjære born,
- 2 og ferdast i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss til ei gåva og eit offer, Gud til ein hugleg ange!
- 3 Men utukt og all ureinskap eller havesykja må ikkje eingong verta nemnde millom dykk, so som det sømer seg for heilage,
- 4 og skjemdarferd og dårlegt svall og lauslyndt skjemt, som alt saman er usømelegt, men heller takksegjing!
- 5 For dette veit de og skynar, at ingen horkar eller urein eller girug - som er ein avgudsdyrkar - hev arv i Kristi og Guds rike.
- 6 Lat ingen dåra dykk med tome ord! for av slike ting kjem Guds vreide yver dei vantruande!
- 7 Hav difor ingen ting saman med deim!
- 8 For de var fordom myrker, men no er de ljos i Herren; ferdast som born av ljoset
- 9 - for frukti av ljoset syner seg i all godleik og rettferd og sanning -
- 10 so de prøver kva som er Herren til hugnad,
- 11 og hav inkje samlag med dei fruktlause gjerningar av myrkret; men refs deim heller!
- 12 For det som løynlegt vert gjort av deim, er det skamlegt endå berre å tala um;
- 13 men når det vert refst, vert det alt saman openberra av ljoset; for alt som vert openberra, er ljos.
- 14 Difor segjer skrifti: «Vakna, du som søv, og statt upp frå dei daude, og Kristus skal lysa for deg!»
- 15 Sjå difor til korleis de kann ferdast varleg, ikkje som uvise, men som vise,
- 16 so de kjøper den laglege tid; for dagarne er vonde!
- 17 Ver difor ikkje uvituge, men skyna kva Herrens vilje er!
- 18 Og fyll dykk ikkje med vin, som det er skamløysa i, men vert fyllte med Anden,
- 19 so de talar til kvarandre med salmar og lovsongar og åndelege visor og syng og leikar i dykkar hjarto for Herren,
- 20 og alltid takkar Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn,
- 21 og er kvarandre undergjevne i age for Kristus!
- 22 De konor, ver dykkar eigne menn undergjevne som Herren!
- 23 For mannen er hovudet for kona, liksom Kristus er hovudet for kyrkja, han som er frelsaren for sin likam.
- 24 Men liksom kyrkja er Kristus undergjevi, so skal og konorne vera sine eigne menner undergjevne i alle ting.
- 25 De menner, elska konorne dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne,
- 26 so han kunde helga henne, med di han reinsa henne ved vatsbadet i ordet,
- 27 so han kunde framstella kyrkja for seg i herlegdom, utan flekk eller rukka eller noko slikt, men so ho kunde vera heilag og ulasteleg.
- 28 Soleis er mennerne skuldige til å elska konorne sine som sine eigne likamar. Den som elskar si kona, elskar seg sjølv.
- 29 For aldri hev nokon hata sitt eige kjøt, men han føder og fjelgar det, liksom Kristus gjer med kyrkja;
- 30 for me er lemer på hans likam.
- 31 Difor skal mannen skiljast med far og mor og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt.
- 32 Denne løyndomen er stor - men eg tenkjer på Kristus og kyrkja.
- 33 Men de og skal elska kvar si kona som seg sjølv, og kona hava age for mannen.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗