에베소서 6장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 에베소서 (Ephesians) · 24절
- 1 De born, lyd dykkar foreldre i Herren, for det er rett!
- 2 «Heidra far din og mor di» - dette er det fyrste bodet med lovnad -
- 3 «at det må ganga deg vel, og du må leva lenge i landet.»
- 4 Og de feder, arga ikkje dykkar born, men fostra deim upp i Herrens tukt og påminning!
- 5 De tenarar, ver lyduge mot dykkar herrar etter kjøtet med age og otte i dykkar hjartans einfelde som mot Kristus,
- 6 ikkje med augnetenesta, liksom dei som vil tekkjast menneskje, men som Kristi tenarar, so de gjer Guds vilje av hjarta
- 7 og godviljugt tener som for Herren og ikkje som for menneskje,
- 8 då de veit, at kva godt kvar gjer, det skal han få att av Herren, anten han so er tenar eller fri mann.
- 9 Og de herrar, gjer det same mot deim, so de let vera å truga; for de veit at både deira og dykkar Herre er i himmelen, og han gjer ikkje skil på folk.
- 10 Elles, vert sterke i Herren og i hans veldes kraft!
- 11 Klæd dykk i Guds fulle herbunad, so de kann standa dykk imot djevelens svikråder!
- 12 For me hev ikkje strid mot blod og kjøt, men mot herrevelde, mot magter, mot heimsens herrar, som råder i myrkret i denne tid, mot vondskaps åndeher i himmelrømdi.
- 13 Tak difor Guds fulle herbunad på, so de kann standa imot på den vonde dag og verta standande når de hev vunne yver alt.
- 14 So statt då umgyrde um dykkar lend med sanning og klædde i rettferds-brynja,
- 15 og umbundne på føterne med den tilbunad som evangeliet um freden gjev.
- 16 Og tak attåt alt dette tru-skjolden, so de dermed kann sløkkja alle gloande piler frå den vonde!
- 17 og tak frelse-hjelmen, og Andens sverd, som er Guds ord,
- 18 medan de alltid bed i Anden med all bøn og påkalling og er årvakne deri med all trott og bøn for alle dei heilage,
- 19 og for meg med, at det må verta gjeve meg ord når eg opnar min munn, til å forkynna fritt mod løyndomen i evangeliet,
- 20 den som eg er sendebod for i lekkjor, at eg må tala med frimod um det, soleis som eg bør tala.
- 21 Men at de og kann få vita um mitt tilstand, korleis det gjeng meg, skal Tykikus kunngjera dykk alt, han den kjære bror og true tenar i Herren,
- 22 som eg just difor sender til dykk at de skal få vita korleis det er med oss, og at han kann trøysta dykkar hjarto.
- 23 Fred vere med brørne og kjærleik med tru frå Gud Fader og Herren Jesus Kristus!
- 24 Nåde vere med alle som elskar vår Herre Jesus Kristus med uforgjengeleg kjærleik!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗