에베소서 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 에베소서 (Ephesians) · 32절
- 1 Eg legg dykk då på hjarta, eg den bundne i Herren, at de må ferdast so som verdigt er for det kallet som de vart kalla med,
- 2 med all audmykt og spaklynde, med langmod, so de toler kvarandre i kjærleik
- 3 og legg vinn på å halda Andens einskap i fredsens samband:
- 4 Ein likam og ein Ande, liksom de og er kalla med ei von i dykkar kall,
- 5 ein Herre, ei tru, ein dåp,
- 6 ein Gud og Fader til alle, han som er yver alle og gjenom alle og i alle.
- 7 Men kvar og ein av oss hev fenge nåden etter det målet som Kristi gåva vert mælt med.
- 8 Difor segjer Skrifti: «Han for upp i det høge og førde burt fangar og gav menneski gåvor.»
- 9 Men det at han for upp, kva er det, utan at han og fyrst for ned til lægderne på jordi?
- 10 Han som for ned, han er den same som for upp yver alle himlar, for at han skulde fylla alt.
- 11 Og det er han som gav oss sume til apostlar, sume til profetar, sume til evangelistar, sume til hyrdingar og lærarar,
- 12 so dei heilage kunde verta fullt tilbudde til å gjera tenesta, til å byggja upp Kristi likam,
- 13 til dess me alle saman når fram til einskapen i trui og i kjennskapen til Guds Son, til mogen manndom, til aldersmålet for Kristi fylla,
- 14 so me ikkje lenger skal vera umynduge og lata oss kasta og driva um av kvar lærdoms vind ved meinspel av menneski, ved sløgd i illråder som dei villfarande finn på,
- 15 men at me, true mot sanningi i kjærleik, i alle måtar skal veksa upp til honom som er hovudet, Kristus,
- 16 so heile likamen, samanknytt og samanfest ved kvart band som han gjev, veks sin vokster som likam ut ifrå honom til si uppbyggjing i kjærleik, alt etter den verksemd som er tilmælt kvar lem.
- 17 Dette segjer eg då og vitnar i Herren, at de ikkje lenger må ferdast som heidningarne ferdast i sin hugs fåfengd,
- 18 formyrkte i sin tanke, framande vortne for Guds liv ved den vankunna som er i deim for deira forherde hjarto skuld,
- 19 med di dei hev vorte tykkjelause og hev gjeve seg til ulivnad, til all ureinskaps gjerd med havesykja.
- 20 Men de hev ikkje lært soleis um Kristus,
- 21 um de elles hev høyrt um honom og er upplærde i honom, so som sanning er i Jesus:
- 22 at de etter dykkar fyrre livsferd skal leggja av det gamle menneskje, som vert tynt ved dei dårande lyster,
- 23 men verta uppnya ved Anden i dykkar hug
- 24 og klæda dykk i det nye menneskje, som er skapt etter Gud med den rettferd og heilagdom som sanningi verkar.
- 25 Legg difor av lygni og tala sanning kvar med sin næste, av di me er kvarannans lemer.
- 26 Vert de vreide, so synda ikkje! Lat ikkje soli ganga ned yver dykkar harm!
- 27 Og gjev ikkje djevelen rom!
- 28 Den som stal, stele ikkje lenger, men arbeide heller og gjere noko godt med sine hender, so han kann hava noko å gjeva til dei trengande.
- 29 Ingen roten tale koma ut or dykkar munn, men slik tale som er god til naudsynleg uppbyggjing, so det må vera til gagn for deim som høyrer på,
- 30 og gjer ikkje Guds Heilage Ande sorg, han som de hev fenge til innsigle til utløysingsdagen!
- 31 All illska og villska og vreide og skriking og spotting vere langt ifrå dykk liksom all vondskap!
- 32 Men ver gode mot kvarandre, miskunnsame, so de tilgjev kvarandre, liksom og Gud hev tilgjeve dykk i Kristus.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗