에베소서 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 에베소서 (Ephesians) · 21절
- 1 For den skuld bøygjer eg mine kne, eg, Paulus, Kristi Jesu fange for dykk heidningar -
- 2 um de elles hev høyrt um hushaldet med den Guds nåde som eg hev fenge for dykk,
- 3 at han ved openberring kunngjorde meg den løyndomen so som eg ovanfor hev skrive med få ord,
- 4 so de av det, når de les det, kann sjå mitt skyn på Kristi løyndom,
- 5 som i forne tidebolkar ikkje hev vorte kunngjord for menneskjeborni, so som han no er openberra for hans heilage apostlar og profetar ved Anden:
- 6 at heidningarne er medervingar og høyrer med til likamen og hev lut med i lovnaden i Kristus Jesus ved evangeliet,
- 7 det som eg vart tenar for etter den Guds nådegåva som eg hev fenge ved verknaden av hans magt.
- 8 Eg, den aller ringaste av alle dei heilage, fekk denne nåden, å forkynna heidningarne evangeliet um Kristi uransakelege rikdom
- 9 og upplysa alle um korleis hushaldet er med den løyndomen som frå ævelege tider hev vore løynd i Gud, som hev skapt alle ting,
- 10 for di at Guds mangfaldige visdom no gjenom kyrkja skulde verta kunngjord for magterne og herredømi i himmelen,
- 11 etter den fyresetning frå ævelege tider som han fullførde i Kristus Jesus, vår Herre,
- 12 han som me hev fenge fritt mod ved og tilgjenge med tillit ved trui på honom.
- 13 Difor bed eg at de ikkje må tapa modet ved dei trengslor eg lid for dykk, og som er dykkar æra. -
- 14 For den skuld bøygjer eg mine kne for Faderen,
- 15 som er den rette fader for alt som heiter barn i himmelen og på jordi,
- 16 at han etter rikdomen av sin herlegdom må gjeva dykk å verta styrkte med kraft ved hans Ande i dykkar indre menneskje,
- 17 at Kristus må bu ved trui i dykkar hjarto, [Stu21: 18] so de, rotfeste og grunnfeste i kjærleik,
- 18 må magtast å fata med alle dei heilage, kva breidd og lengd og dypt og høgd det er,
- 19 og kjenna Kristi kjærleik, som gjeng yver all kunnskap, so de kann verta fyllte til all Guds fylla.
- 20 Men honom som er megtig til å gjera yver alle ting, ovlangt yver det som me bed um eller skynar, etter den kraft som er verksam i oss,
- 21 honom vera æra i kyrkja og i Kristus Jesus gjenom alle ætter i alle ævor! Amen.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗